Mot Revtangen frå Orresanden
Mot Revtangen frå Orresanden

Revtangen er eit flatt nes i Klepp kommune i Rogaland, og det vestlegaste punktet på Jæren.

Neset ligg midt på den lange sandtunga mellom havet og Orrevatnet. Frå Revtangen stikk Jærens rev ut mot nordvest og tvingar skipsfarten ut frå land. Først rundt to km ut frå land er havdjupna meir enn ti meter. Nord for Revtangen ligg Feistein fyr som mellom anna vart laga til for å hjelpe skipsfarten med å halde langt nok frå land.

Området rundt Revtangen har eit særprega sanddynelandskap med fugle- og plantefredingsområde og utgjer ein del av Jærstrendene landskapsvernområde. Her ligg Noregs første ornitologiske stasjon (Stavanger Museum).

Tryggve Gran landa på Revtangen i 1914 etter den første flyginga over Nordsjøen.

Kart

Revtangen
Revtangen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg