Reidar Sandal

Faktaboks

Reidar Sandal

Reidar Jørgen Sandal

Født
24. mars 1949, Vågsøy, Kinn
Av /Nynorsk kultursentrum.

Artikkelstart

Reidar Sandal er lektor og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Sogn og Fjordane i 2001–2009. Han var kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i 1995–1997, først i Brundtland III-regjeringa og så i Jagland-regjeringa.

Bakgrunn

Reidar Jørgen Sandal er fødd i Vågsøy (no Kinn) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1969 og er cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Bergen i 1976. Sandal var vitskapleg assistent ved Universitet i Bergen i 1977–1979, tilsett som lektor ved Flora vidaregåande skule 1979–1998 og var fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane i 1998–2000. Han var rådgivar i Botnaneset Industriselskap i 2000–2001 og dagleg leiar i Sunnfjord Næringslivsråd i 2010–2014, der han arbeidde med regional næringsutvikling.

Politisk karriere

Sandal var leiar av Volda AUL i 1966–1968, medlem av landsstyret i AUF, leiar i Møre og Romsdal AUF og styremedlem i Møre og Romsdal Arbeidarparti i 1969–1970. Han var leiar i Bergen Arbeidersamfunn i 1977–1978, styremedlem i Hordaland Arbeidarparti i 1977, leiar av Flora Arbeidarlag i 1980–1983 og Flora Arbeidarparti i fleire periodar. Sandal var styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 1981–1983 og representant i fylkestinget i 1983–1987 og fylkesutvalet i 1987–1990 i Sogn og Fjordane.

Han var vararepresentant til Stortinget i 1989–2001, men møtte fast for statsråd Kjell Opseth i 1990–1995. Sandal var i 1993–1995 fyrste varapresident i Stortinget. I 1995–1997 var han kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i regjeringane til Gro Harlem Brundtland (1995–1996) og Thorbjørn Jagland (1996–1997). I perioden 2001–2009 hadde han fast plass på Stortinget som representant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane og var mellom anna leiar av finanskomiteen i 2006–2009.

Andre verv

Sandal var medlem av Kringkastingsrådet i 1978–1985, styremedlem i Bergens Arbeiderblad i 1981–1983 og Botnaneset Industriselskap AS i 1983–1996, styreleiar for fylkessjukehuset i Florø 1992–1993 og Firdaposten i 1988–1990. Han har vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum i perioden 2010–2014 og frå 2022, samt styreleiar i Allkunne AS i perioden 2012–2014. Han har òg vore styremedlem i Noregs Bank sin representantskap, i Innovasjon Noreg, i Investinor og i Fjord1.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg