Rebekka er eit hebraisk kvinnenamn med usikker tyding. Det kan gå tilbake til ei ordrot med tydinga ‘binde’ og kan ha samanheng med ordet for ‘stall’ – og meir spesifikt ‘ku’.

Namnet har fleire variantar: Rebeca, Rebecca, Rebecka, Rebekka.

Namnedag er 1. oktober. og Remi har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Rebekka

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Rebekka

Eit utval personar med namnet Rebekka, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 154 kvinner i Noreg som hadde Rebekka som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet Rebekka.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Rebekka og Rebecca slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Det bibelske Rebekka var noko brukt på 1800-talet, men på 1900-talet, nærmare bestemt perioden 1915–1974, var det svært få som fekk dette namnet. Også varianten Rebecca vart populær i Noreg, og den engelske stavemåten tyder på at foreldra har vore påverka av den internasjonale namnetrenden – ikkje av kyrkjeleg litteratur i Noreg, til dømes den norske bibelen der namnet er stava Rebekka. Døme på andre internasjonale stavemåtar av bibelske namn er Leah, Sarah, Lucas, Marcus, Jacob og Isaac.

Utvikling i bruk av namnet Rebekka frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Rebekka frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rebekka på 1800-talet.

Rebekka var mest brukt i Nord-Trøndelag og Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rebekka på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rebekka var mest brukt i Nord-Trøndelag og Troms. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rebecca.)

Historisk bruk av namnet Rebekka
Historisk bruk av namnet Rebekka
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg