Rebecca er eit hebraisk kvinnenamn med usikker tyding. Det kan gå tilbake til ei ordrot med tydinga ‘binde’ og kan ha samanheng med ordet for ‘stall’ – og meir spesifikt ‘ku’.

Namnet har fleire variantar: Rebeca, Rebecca, Rebecka, Rebekka.

Personar med namnet Rebecca

Kulturell bruk

  • Rebecca i Walter Scotts roman «Ivanhoe» (1819).

Kjende personar med namnet Rebecca

Eit utval personar med namnet Rebecca, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 416 kvinner i Noreg som hadde Rebecca som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Rebecca.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Rebekka og Rebecca slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Det bibelske Rebekka var noko brukt på 1800-talet, men på 1900-talet, nærmare bestemt perioden 1915–1974, var det svært få som fekk dette namnet. Også varianten Rebecca vart populær i Noreg, og den engelske stavemåten tyder på at foreldra har vore påverka av den internasjonale namnetrenden – ikkje av kyrkjeleg litteratur i Noreg, til dømes den norske bibelen der namnet er stava Rebekka. Døme på andre internasjonale stavemåtar av bibelske namn er Leah, Sarah, Lucas, Marcus, Jacob og Isaac.

Utvikling i bruk av namnet Rebecca frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Rebecca frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg