Telemark fylke

Rauland er ei utprega fjellbygd, og er kjent for sin gamle byggekunst. Biletet viser gamle gardar ved austenden av Totak.

Av /KF-arkiv ※.
Totak
Mykje av busetjinga finn ein ned mot Totak.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Rauland er ei bygd i Vinje kommune i Telemark, på nordsida av innsjøen Totak. Rauland er ei utprega fjellbygd. Berre 11 prosent av arealet ligg under 900 meter over havet. Tyngda av busetjinga ligg langs nordsida av Totak. Her ligg òg Rauland kyrkje, som er bygd i tre og oppført i 1803.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt Rauðaland, trolig av raúði, ‘myrmalm’.

Historikk

Rauland var eigen kommune frå 1860 til 1964. Kommunen vart oppretta i 1860 ved at Rauland sokn av Vinje kommune og Øyfjell sokn av Lårdal kommune vart slått saman til ein ny kommune. Rauland vart i 1964 slått saman med Vinje. Kommunen hadde eit areal på 1830 kvadratkilometer ved samanslåinga.

Industri

Jordbruk, småindustri og turisttrafikk er hovudnæringar. Det er i seinare år lagt til rette for omfattande hyttebygging i Rauland. Songa kraftverk ved Totak, som har ein installert effekt på 120 megawatt (MW), nyttar fallet på 287 meter frå Songavatnet til Totak. I nord ligg Hardangervidda nasjonalpark og i aust Møsvatn Austfjell landskapsvernområde.

Rauland er kjent for den gamle byggekunsten sin. Godt verna hussamlingar finst i Austbøgrenda (Øvre og Nedre Mo) og i austenden av Lognvikvatnet (Søndre Lognvik og Søndre Øygarden). Fleire godt bevarte gamle hus finn ein òg langs Totak. I Hadlandsgrenda har ein mellom anna eit mellomalderloft på Midgarden. Heradshuset er dekorert med Sveinung Svalastogas Draumkvedet. Rauland kyrkje i Raulandgrenda har eit krusifiks frå om lag år 1200.

Kunst og kultur

Vågrenda er kjent for sagnet om Dyre Vaa, og i Arabygdi kan ein sjå Dyre Vaas monument over Myllarguten og stua hans, Kosi, som er blitt minneheim. Høgskolen i Sørøst-Norge har ei avdeling i Rauland med studium av mellom anna folkekunst og folkemusikk. I Rauland finn ein Telemarks største skisportsenter.

Kart

Rauland
Rauland
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg