Rauddalen er eit dalføre i Jotunheimen. Dalen ligg i kommunane Luster i Vestland fylke og Lom i Innlandet fylke.

Dalen ligg på begge sider av vasskiljet i Sør-Noreg i eit område med Noregs høgaste fjell. På nordsida av dalen ligg Rauddalstindane i vest, der den høgaste toppen ligg 2157 meter over havet. På austsida av dalen ligg Rauddalsegga på 2168 meter over havet. På sørsida av dalen dominerer Snøholtinden (Sjogholstind) og Mjølkedalstinden, som ligg høvesvis 2141 og 2137 meter over havet.

I dalen ligg turisthytta Olavsbu.

Kart

Rauddalen
Rauddalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg