Rasmus Stauri

Faktaboks

Rasmus Stauri
Født
3. mars 1867, Stauri i Stryn, Vestland
Død
22. juni 1932

Artikkelstart

Rasmus Stauri var forfattar og folkeopplysar. Han grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 1902.

Bakgrunn

Rasmus Stauri var fødd på Stauri i Stryn i Nordre Bergenhus amt (no Vestland). Mora, Siri (f. Valaker), gav i 1890 ut Vævebog. Kortfattet praktisk veiledning i 70 forskjellige nyttige og smukke vævninger. Etter eksamen ved Stord lærarskule i 1888 var Stauri lærar i barneskulen og ei tid lærar på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Telemark, før han i 1902 grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule. Skulen låg først på Kvam (1902–1915), så på Hundorp, på den gamle garden til Dale-Gudbrand. Stauri var styrar på folkehøgskulen heilt til han døydde. Etter dette tok kona hans, Lise Stauri, over som folkehøgskulebestyrar.

Forfattarskapen

Mellom 1905 og 1930 gav Rasmus Stauri ut 12 bøker, åleine eller saman med andre. I all si skriving var han folkeopplysningsmann og nasjonsbyggjar, med stor vekt på verdien av soge- og diktekunst. Fleire av bøkene har tema knytte til folkehøgskulerørsla, grundtvigianismen og pedagogikk. Nokre er til skulebruk, som Songbok for norsk ungdom (saman med Mads Berg) frå 1923.

I ei særstilling blant skulebøkene står Fraa sjælelivet. Tri foredrag for lærarar (1911). Det er framleis tyngde i Stauris pedagogisk grunnsyn: «Ein pædagogisk grunnregel er, at barnet maa faa si undervisning paa det spraak som det er vokse op i, og at dei forestillingar, som læraren vil overføre til sine elevar, maa knytast til forestillingar, som barnet har før. (...) Under arbeidet med undervisningsemnet maa han altid spyrgje seg sjølv: Kva veit elevane um dette? Korleis tenkjer dei og kva form gjev dei tankane sine? Korleis skal eg faa binde det nye til dei gamle forestillingane?» I same boka peikar han på at elevane er ulike i høve til læring: Nokre er auditive, andre akustiske og andre igjen motoriske. Stauri var dermed ein føregongsmann i 1911 for det pedagogiske krinsar dei siste tiåra har kalla individuelle læringsstilar.

I boka Anders Sandvig og Maihaugen (1926) hyllar han samlaren Sandvig og arbeidet hans for å berge ein historisk arv som var truga. I romanen Nyaarshelg (1914) er programmet noko av det same – i det ytre ein roman, men forteljinga er helst ei orsaking for å formidle kulturhistorisk stoff frå Nordfjord.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ove Eide: «Folkelærar og kulturhistorikar – om Rasmus Stauri sin forfattarskap». Årsskrift for Stryn Historielag 2009
  • Arnfinn Engen og Rasmus Stauri (red.): Hundorp. Tusenårsstaden i Oppland. Oslo 2005
  • Rasmus Stauri d.y.: «I kamp og strid for ein idé». Om Rasmus Stauri (1867–1932). Årsskrift for Vatne Sogelag 2001

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg