Rasmus

Artikkelstart

Rasmus er eit dansk mannsnamn som via det latinske Erasmus går tilbake til gresk Erasmios som tyder ‘elskeleg’.

Namnedag er 3. juni. Rakel har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Rasmus

Kulturell bruk

  • I «Erasmus Montanus» av Ludvig Holberg tar Rasmus Berg i bruk ein latinisert versjon av namnet sitt: Erasmus Montanus.
  • Barneboka «Rasmus på loffen» (1956) av Astrid Lindgren, filmatisert i 1981, kan ha medverka til populariteten dei siste åra.

Kjende personar med namnet Rasmus

Eit utval personar med namnet Rasmus, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2700 menn (fødde i Noreg) som hadde Rasmus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.[/li][li]
  • Schmidt, Tom 1992: [Rasmus] i Norge – et typisk nordfjordnavn? [Avdeling for namnegransking. Årsmelding 1991]. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg