Randi Hansen

Faktaboks

Randi Hansen
Født
24. februar 1958, Tromsø

Artikkelstart

Randi Hansen er artist og musikkpedagog. Som musikar var ho blant dei fremste representantane for den nordnorske visebølgja i 1970- og 1980-åra.

Ho er fødd i Tromsø og vaks opp i Harstad og på Senja. Hansen tok utdanning som faglærar i musikk ved Universitetet i Tromsø.

Randi Hansen tok til å skrive tekstar og lage melodiar då ho gjekk på ungdomsskulen. Medan ho studerte i 1979, debuterte ho med plata Ho Randi, som blei særleg kjend for songen «Hvis jeg fikk være sola di». Jonas Fjeld Band var òg med på albumet, som blei ein stor suksess og blei selt i 80 000 eksemplar. Hansen heldt fram som visekunstnar og gav ut ei rekkje album dei neste åra. Ein del songar kom på trykk i viseboka Sola di (1981).

Hansen heldt det gåande som soloartist og turnerte land og strand rundt, frå ho slo igjennom og fram til 1986. Ho samarbeidde òg med andre artistar, mellom dei Olav Stedje om albumet Stille natt (1983), og som komponist og tekstforfattar for Jenny Jenssen, med songar som «Mammas trygge fang» og «Hjæmlandet».

Då ho skulle få det første barnet sitt, tok ho seg ein lang pause frå artistlivet, og det gjekk over 20 år før ho gav ut den neste plata, Tid som går (2008). Ho underviste i musikk ved kulturskulen i Harstad og ved Heggen videregående skole. Men ho skreiv også nye låtar, og i 2016 gav ho sin første konsert på 30 år. Tekstane hennar handlar ofte om nære og kvardagslege ting, om naturopplevingar, og om kjærleik og varme mellom menneske.

Albumdiskografi

  • Ho Randi (1979)
  • Hjerterdame (1980)
  • Æ undres (1981)
  • Hjæmlandet (1982)
  • Stille natt (1983; med Olav Stedje)
  • Ansiktet i speilet (1985)
  • Tid som går (2008)

Største Norsktoppen-hits

  • Hvis jeg fikk være sola di (nummer 1 i 1979)
  • Der hvor sola er (nummer 1 i 1980)
  • Ord (1980)
  • Kjøss ikkje ho (1981)
  • Mammas trygge fang (1984)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg