Ramona

Artikkelstart

Ramona er eit spansk kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Ramon.

Personar med namnet Ramona

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Ramona Rasmusdatter fødd 1900 i Manger (Hordaland). Far til Ramona heitte Rasmus, og Ramona kan vere bokstavoppkalling etter Rasmus.

Kulturell bruk

  • «Ramona», roman av Helen Hunt Jackson (1884). Dette stoffet ligg til grunn for fleire filmversjonar (1910–1936).
  • Songen «Ramona» (1928), med tekst av Wolfe Gilbert og melodi av Mabel Wayne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 380 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Ramona som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg