Rainpower ASA

Rainpower ASA er eit norsk selskap, skipa i 2007, som utviklar, konstruerer, produserer og sel utstyr for vasskraftproduksjon. Selskapet tilbyd turbinar av type pelton, francis og kaplan, pumpeturbinar, småkraftanlegg, turbinregulator, oljetrykksanlegg, ventilregulator, magnetiseringsutstyr, ventilar, vassveg, røyr og andre produkt og tenester for vasskraftindustrien.

Historie

Selskapet går tilbake til 1853, då Kværner Brug AS vart etablert av Oluf A. Onsum. Seinere var det ei samanslåing med Sørumsand Verksted. Kværner overtok seinare vasskraftverksemda til Nohab, KMW, Tampella og andre. I 1999 kjøpte General Electric Company Kværners vasskraftverksemd, og etablerte seg under namnet GE Hydro. I 2005 selde GE Hydro Sørumsand verkstad til NLI AS; to år seinare kjøpte dette selskapet heile den norske vasskraftverksemda frå General Electric, og etablerte Rainpower ASA.

Eksterne lenker

Selskapets heimeside

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg