Faktaboks

Ragnhild Furebotten
Fødd
10. mars 1979, Saltdal, Nordland
Ragnhild Furebotten under utdelinga av Spellemannprisen 2011.
Ragnhild Furebotten under utdelinga av Spellemannprisen 2011.
Av /SCANPIX.

Ragnhild Furebotten er felespelar og komponist. Ho blandar eigne komposisjonar med tradisjonelt materiale frå Nord-Noreg i musikkprosjekta sine.

Bakgrunn

Ragnhild Furebotten er fødd i Saltdal i Nordland. Då ho var 16 år gamal, starta ho på den formelle musikalske utdanninga si ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø (1995–1998). Seinare har ho gått på Høgskolen i Telemark (no Høgskulen i Søraust-Noreg) (1998–2000) og Noregs musikkhøgskole (2000–2004).

Musikkarrieren

For å bryte med dei tradisjonelle premissane i den klassiske musikktradisjonen ville Furebotten finne sine eigne vegar som felespelar. Ho har vore med på fleire prosjekt, både som soloartist og saman med andre. I 2000 var Furebotten med og etablerte folkemusikkgruppa Majorstuen saman med fem andre unge folkemusikarar frå ulike delar av landet. I 2003 fekk dei Spellemannprisen for debutalbumet Majorstuen. I 2007 var dei den første norske folkemusikkgruppa som fekk vere med på verdsmusikkmessa WOMEX. Furebotten slutta i gruppa i 2007.

Saman med nordnorske folkemusikarar etablerte Furebotten gruppa Hekla Stålstrenga i 2005. Same året var ho òg ein av initiativtakarane til folkemusikkgruppa Fotefar.

Endelig vals (2007) var Ragnhild Furebotten sitt første soloprosjekt. For soloprosjektet Never on a Sunday (2011) fekk ho Spellemannprisen i klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk. Furebotten har òg gjeve ut soloalbumet Klopper (2019). Samspelet mellom felespelar Furebotten og seks av dei beste jazzblåsarane i landet har sett nordnorske slåttar og folkemusikktradisjonar inn i ein uvanleg kontekst.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg