Ragnhild Foss

Faktaboks

Ragnhild Foss

Ragnhild Antonia Maria Foss

Født
1883, Sokndal, Rogaland
Død
1952

Artikkelstart

Ragnhild Foss var ein norsk omsetjar og trygdefullmektig. Ho gjorde eit pionerarbeid med å omsetje kyrkjeleg norsk mellomalderdikting frå latin til nynorsk.

Ragnhild Foss arbeidde ei stund som lærarHadeland, før ho tok til å arbeide i trygdelaget Storebrand i Oslo. Der arbeidde ho mesteparten av livet, frå 1916 til 1943, dei siste åra som fullmektig.

Foss konverterte til katolisismen i 1929 og vart oppteken i Den katolske kyrkja same året. Etter kvart fekk ho ei brennande interesse for den kyrkjelege norske mellomalderdiktinga.

Denne interessa bar frukt i to omsetjingsverk: Latinske hymnor og sekvensar frå 1938 og Sekvensane i Missale Nidrosiense frå 1946. Begge kom ut på Det Norske Samlaget. Missale Nidrosiense var messeboka til Nidaros erkebispedøme og den første norske boka som vart prenta (i København i 1519).

3 av salmane Foss sette om, står i Norsk Salmebok, medan den katolske salmeboka Lov Herren har med så mange som 26.

Foss reiste mykje i Europa og Palestina og skreiv ymist i målbladet Noreg, i kvinnebladet Urd og i det katolske tidsskriftet St. Olav.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Breidsvoll, E. (1952): «Ragnhild Foss», i Norsk Allkunnebok, bd. 4. Oslo: Fonna

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg