Faktaboks

Administrasjonssenter
Manger
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
5 091 (2019)
Landareal
107 km²
Høgaste fjell
Morkefjellet (217 moh.)
Innbyggjarnamn
radværing
Kommunenummer
1260 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Radøy

Radøy. Utsikt vestover mot Manger. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Radøy var ein kommune i Hordaland fylke. Den vart slått saman med Lindås og Meland til Alver kommune i 2020, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var ein del av den landsomfattande kommunereforma.

Radøy kommune låg i Nordhordland, nordvest for Bergen. Kommunen omfatta størstedelen av sjølve øya Radøy (Radøyni; 110,7 kvadratkilometer) og dessutan 268 andre øyar, holmar og skjer sørvest for Lindåshalvøya. Radøy kommune grensa til Holsnøy (Meland kommune) i sørvest og Lindåshalvøya og øyane utanfor (Lindås og Austrheim kommunar) i nordaust og nord.

Radøy kommune vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Hordabø, Manger og Sæbø (gjort unntak for Titland krins). Samtidig vart Radøy tillagt Sletta-gardane frå Lindås, Straume krins med Fesøyna frå Austrheim og øya Bongno frå den tidlegare kommunen Herdla.

Natur

Berggrunnen tilhøyrer Bergensbuene som i kommunen har ein framherskande nordvest–søraustleg strøkretning og vekslande soner beståande av anortositt, mangeritt, gabbro og gneis.

Landskapet blir prega av langstrekte, låge rygger, med lyngkledde heiar fleire stadar, i strøkretninga. Mellom ryggene finn ein lågareliggjande, stadvis skogkledde, søkkingar, ofte med myrar og vatn. Strøkretninga pregar vikar, strender og øyar over heile kommunen. Høgaste punkt, Morkefjellet, 217 meter over havet, ligg sentralt på Radøyni.

Busetnad

Busetjinga er jamt fordelt på Radøyni. Her ligg den tidlegare kommunen sine tre tettstader (innbyggartal 2019): Austmarka (371) på austsida av øya og administrasjonssenteret Manger (1181) og Haugland (Bøvågen; 436) på vestsida av øya. I alt 39 prosent av folkemengda i Radøy kommune budde i 2019 i tettstader. Til samanlikning var andelen i Hordaland dette året 83 prosent.

I tiårsperioden 2007–2017 hadde Radøy ein årleg befolkningsvekst på gjennomsnittleg 1,0 prosent, mot 1,5 prosent for kommunane i Nordhordland samla og 1,3 prosent for Hordaland fylke i same periode.

Næringsliv

Industrien var etter offentleg administrasjon og tenesteyting Radøy si viktigaste næring i 2019 med 15 prosent av arbeidsplassane, 25 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning. Industrien er variert med hovudvekt på verkstadsindustri som i 2015 hadde 54 prosent av sysselsetjinga i industrien, det aller meste i bygging av skip og oljeplattformer. Denne industrien består av ei rekkje bedrifter som arbeider innan ramma av samarbeidsorganet Subsea Island. Andre viktige industribransjar var i 2015 (del av sysselsetjinga i industrien) næringsmiddelindustri (14 prosent), tekstilindustri (15 prosent), mellom anna produksjon av garn, nøter og oppdrettsmerdar (AS Fiskenett), og trevareindustri (9 prosent, mellom anna Natre Vinduer AS). Det meste av industrien ligg i eller ved dei tre tettstadene.

Primærnæringa omfatta ved samanslåinga rundt seks prosent av arbeidsplassane i Radøy. Jordbruket er basert på husdyrhald, der praktisk talt heile jordbruksarealet er eng og beite. Det blir halde særleg storfe, sau og høns. Fiskeoppdrett har vorte ei viktig næring, dei fleste anlegga ligg ved Bøvågen i nordvest.

Rundt 57 prosent av dei busette yrkesaktive i Radøy hadde arbeid utanfor kommunen i 2019, 18 prosent i Bergen og i alt 29 prosent i resten av nordhordlandskommunane (20 prosent i Lindås åleine).

Samferdsel

Fylkesvei 565 knyter Radøy til fastlandet ved bru over Alverstraumen til Lindåshalvøya i sør, og ved bru over Fosenstraumen til Austrheim i nord. Radøy har eit relativt tett nett av fylkesvegar og kommunale vegar, og bru- og vegsamband til øyane Toska og Floen i sørvest.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Radøy høyrde til Vest politidistrikt, Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Regionrådet Nordhordland saman med Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Osterøy.

Radøy kommune utgjorde eitt sokn i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Radøy til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Radøy

For statistiske formål var Radøy kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 29 grunnkrinsar:

  • Radøy nord: Marøy, Risnes, Straume, Nordanger, Haugland, Kvalheim, Vågenes, Hella, Grindheim, Sætre, Sletta, Ystebø
  • Radøy sør: Toska, Birkeland, Mangervåg, Manger, Solend, Lie, Marås, Askeland/Taule, Dale, Austmarka, Kalnes, Vetås, Tjore, Sæbø/Hole, Kolstad, Kviste, Bogno

Historikk og kultur

Det har vore gjort eit verdifullt steinalderfunn ved garden Straume lengst nord i den tidlegare kommunen. Der fann ein ei mengd reiskapar, og keramikkskar vart funne på buplassen som vart utgrave i byrjinga av 1960-åra. Funnet er blant dei rikaste steinalderfunna på Vestlandet. Bogatunet, der delar av huset er frå 1500-talet, er verna. Huset ber preg av mellomaldersk byggjeskikk.

På Marøy nordvest for hovudøya finst krigsminne, mellom anna bunkerar og fjelldepot frå andre verdskrigen. På Sletta rundt fem kilometer nord for det tidlegare kommunesenteret ligg Vestnorsk Utvandringssenter, med mellom anna bygningar og eit omfattande arkiv frå dei norske immigrantområda i USA. I Manger står den gamle prestegarden, med bygningar frå slutten av 1800-talet. Ei tingstove frå same hundreår vart flytta til prestegarden i 1998. Radøy Kunst Senter i Haugland viser samtidskunst.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) hadde to svarte årekeipar mot eit gull bakgrunn. Dette viste til arkeologiske funn i kommunen.

Namnet var i norrøn tid Rǫð, her brukt om ‘morene, grusrygg‘, same ord som ‘rad, rekkje‘.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haugland, Anders: Radøy gjennom tidene, 2006- ., 4 b.
  • Marøy, Olav: Marøyminne, 2001
  • Marås, Olav, red.: Strileliv : tida som ein gong var : folkeminne frå Radøy, 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg