Faktaboks

Rachel Cusk
Fødd
8. februar 1967, Saskatoon, Canada
Rachel Cusk, portrett, 2021

Rachel Cusks er ein forfattar som på 2010-talet har nådd eit stort internasjonalt publikum. Gjennom forfattarskapen utvikler ho forteljeformer som gjer det muleg å presentere på ein nyansert og engasjerande måte utfordringar ho møter i sitt eige liv – og som knyter an til utfordringar lesarar kan møte i sine.

Rachel Cusk, portrett, 2021
Av /EPA/NTB.

Rachel Cusk er ein britisk forfattar av romanar og sakprosa. Ho har gradvis etablert seg som ein av Storbritannias leiande samtidsforfattarar, særleg gjennom ei rekke romanar der Omriss-trilogien framstår som eit hovudverk. Ved å eksperimentere med romanen som form, utforskar Tusk identitets- og samfunnsspørsmål på ein måte som appellerer til lesarar både i Storbritannia og internasjonalt.

Bakgrunn

Cusk vart fødd i Canada i 1967, men hadde ein stor del av barndommen sin i Los Angeles, USA. Ho flytte med foreldra sine til Storbritannia i 1974. Etter skulegang ved St Mary’s Convent i Cambridge studerte ho engelsk litteratur ved Universitetet i Oxford. Ho har vore professor i kreativ skriving ved Kingston University.

Forfattarskap

Cusk har skrive elleve romanar og fire sakprosabøker. Kombinasjonen av desse to sjangrane er ikkje tilfeldig: Ho prøver konsekvent å vidareutvikle forteljeformer som gjer det muleg å presentere på ein nyansert og engasjerande måte utfordringar ho møter i sitt eige liv – og som knyter an til utfordringar lesarar kan møte i sine.

For den første romanen, Saving Agnes (1993), mottok Cusk den prestisjetunge Whitbread-prisen. Her brukar ho sosial satire til å presentere kvinners stilling i det moderne Storbritannia, og det gjer ho også i romanene The Country Life (1997) og The Lucky Ones (2003).

I utforskinga av måtar å presentere kvinneleg erfaring på tok Cusk til å skrive sakprosa, som utgjer ein viktig del av den samla forfattarskapen hennar. I A Life’s Work: On Becoming a Mother (2001) og Aftermath: On Marriage and Separation (2012) skriv ho innsiktsfullt om personlege erfaringar med skilsmisse og med å vere mor.

Regn over Arlington Park (2006) er ei original litterær bearbeiding av to romanar av Virginia Woolf, Fru Dalloway (1925) og første del av Til fyret (1927). Som Woolf konsentrerer Cusk romanhandlinga til éin dag, og ho presenterer romanpersonane sine tankar og kjensler i timane fram mot eit middagsselskap om kvelden.

Omriss-trilogien

Bokomslag: Omriss
Omriss er den første boka i Omrisstrilogien.

Rundt 2010 utgav Cusk relativt få romanar. I denne perioden orienterte ho seg mot ei romanform som kunne kombinere element av fiksjon og sakprosa. På ein måte som både liknar og skil seg frå eksperimentering med romanforma hos dei samtidige britiske forfattarane Kate Atkinson og Ali Smith, skreiv Cusk i perioden 2014–2018 ein romantrilogi som er eit sentralt bidrag til britisk litteratur tidleg på 2000-talet.

Utforminga av plottet i den første romanen, Omriss (2014), viser fleire trekk ved forteljemåten i trilogien. Ei engelsk kvinne reiser til Aten for å halde eit skrivekurs. På flyet møter ho ein eldre gresk mann, som fortel kvinna om sine to feilslåtte ekteskap. Dagen etter møter ho ein ein irsk kollega som også fortel henne delar av livshistoria si. Kvart kapittel presenterer lesaren for romanpersonar som har lange samtalar med stikkord som minne, tap, kjærleik, fiksjon, nærleik og distanse. Lesaren får inntrykk av at desse samtalane er viktige for deltakarane, samtidig som den narrative situasjonen er skjør. Det er som noko viktig står på spel for begge partar – og det gjer det på ein måte for lesaren òg. Cusks evne til å engasjere lesaren er også påfallande i dei to andre romanane i trilogien, Transitt (2017) og Kudos (2018). Ein gjennomgåande figur er forfattaren Faye, som fungerer både som forteljar og hovudperson. Faye knyter an til, men er ikkje er identisk med, Cusk som implisitt forfattar. I dei ulike narrative situasjonane gir Faye ordet til personar ho møter. Historiene deira, som Faye lyttar til og vidareformidlar til lesaren, handlar gjerne om moralske eller sosiale problem og utfordringar som er typiske for samtida vår, til eksempel innvandring og kjønnsuttrykk.

Vedvarande aktualitet

Bokomslag: Et tilfluktsted

I 2021 publiserte Cusk Et tilfluktsted. Denne romanen er inspirert av memoarane til Mabel Dodge Luhan, som var vertinne for den britiske romanforfattaren D.H. Lawrence på eigedomen sin i New Mexico, USA, i 1924. Som i Regn over Arlington Park knyter Cusk an til ein tidlegare britiske forfattar ho er inspirert av. Romanen vidarefører og nyanserer eksperimenteringa med litterær form, og den er på eitt nivå ein litterær refleksjon over koronapandemien og konsekvensane den har for menneskeleg kommunikasjon.

Her som i trilogien fungerer forteljaren som eit filter som fører lesaren nærare romanpersonane. Dette skaper ei spenning mellom nærleik og distanse som både er estetisk (sidan den er skapt gjennom litterær form) og etisk (sidan den litterære forma aktualiserer og skjerpar verdispørsmåla Cusk stiller). Tydeleg og skarpt, men samtidig respektfull, stiller Cusk lesaren utfordrande spørsmål om prioriteringane og vala vi gjer gjennom livet. Gjennom den originale romanforma ho har utvikla deler ho grunnleggjande erfaringar med lesaren. Ho knyter an til, og aktiverer gjennom forteljemåten sin, tapserfaringar i eige liv, samtidig som ho kombinerer eigne erfaringar med impulsar frå den rike britiske romantradisjonen frå Jane Austen og framover.

Omsetjingar til norsk

  • The Lucky Ones (2003). De heldige. Omsett av Linn Øverås. Oslo: Gyldendal, 2005.
  • Arlington Park (2006). Regn over Arlington Park. Omsett av Linn Øverås. Oslo: Gyldendal, 2007
  • The Bradshaw Variations (2009). Bradshaw-variasjonene. Omsett av Linn Øverås. Oslo: Gyldendal, 2010.
  • Outline (2014). Omriss. Omsett av Agnete Øye. Oslo: Gyldendal, 2018.
  • Transit (2017). Transitt. Omsett av Agnete Øye. Oslo: Gyldendal, 2018.
  • Kudos (2018). Kudos. Omsett av Agnete Øye. Oslo: Gyldendal, 2019.
  • Second Place (2021). Et tilfluktsted. Omsett av Agnete Øye. Oslo: Gyldendal, 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael (2003). A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave.
  • Hitchens, Antonia (2021). “Rachel Cusk’s Second Place Might Be the First Pandemic Novel.” The Wall Street Journal, 4.5.2021.
  • ”Rachel Cusk” (2018). Poets and Writers. 19.6.2018.
  • Waldman, Katy (2018). “Kudos, the Final Volume of Rachel Cusk’s ‘Faye’ Trilogy, Completes an Ambitious Act of Refusal”. The New Yorker, 22.5.2018.

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg