Rønnaug er eit kvinnenamn som er ei nyare form av Rannveig. Forleddet Rann- kan enten gå tilbake til det norrøne rann som tyder ‘hus’ eller til Ragn- (jamfør Ragnveig) som tyder ‘råd; avgjerd’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Namnedag er 9. april. Rannveig har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Rønnaug

Eit utval personar med namnet Rønnaug, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 699 kvinner i Noreg som hadde Rønnaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Variantar som er utvikla etter norrøn tid, som Rønnaug av Rannveig, har oftast hatt ein gradvis tilbakegang sidan tidleg på 1800-talet. Dette gjeld også Rønnaug på 1800-talet, men rundt år 1900 fekk dette namnet eit løft fram til ein topp i 1930-åra.

Utvikling i bruk av namnet Rønnaug frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Rønnaug frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rønnaug på 1800-talet.

Rønnaug var eit spesielt namn for Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rønnaug på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rønnaug var eit spesielt namn for Oppland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rønnoug.)

Historisk bruk av namnet Rønnaug
Historisk bruk av namnet Rønnaug
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg