Röyksopp
Röyksopp
Av /NTB.

Röyksopp er ein norsk duo danna i Bergen i 1998 av tromsøværingane Svein Berge (fødd 17. februar 1976) og Torbjørn Brundtland (fødd 10. mai 1975). Dei lagar elektronisk musikk innanfor fleire sjangrar, som elektronika, house, ambient og synthpop. Duoen har hatt stor suksess utanfor Noreg og motteke ei rekkje nominasjonar og prisar både nasjonalt og internasjonalt, som til dømes Spellemannprisen, Grammy Awards, MTV Europe Music Awards, BRIT Awards og P3 Gull.

Röyksopps debutsingle frå 1999, So Easy, bidrog til at dei fekk kontrakt med Virgin Records' plateetikett Wall of Sound. Debutalbumet Melody A.M. (2001) hausta strålande kritikkar og gjekk til topps i Noreg, til liks med oppfølgjarane The Understanding (2005), Junior (2009), Senior (2010) og The Inevitable End (2014).

Samarbeid med andre artistar

Röyksopp har remiksa for fleire store artistar som Coldplay, The Streets, Beck og Peter Gabriel. På alle platene har Röyksopp nytta seg av ei rekkje gjestevokalistar. Dei største britiske hittane deira er Remind Me (2002), med Erlend Øye frå Kings of Convenience på vokal, og instrumentallåten Eple (2003). I Noreg har duoen nådd Topp 10 med singlen What Else Is There? (2006), live-EP-en Röyksopp's Night Out (2006) og singlane Happy Up Here (2009), The Girl And The Robot (2009) og Running to The Sea (2015).

I samarbeid med den svenske popstjerna Robyn gav dei ut minialbumet Do It Again (2014). I september 2016 gav dei ut låta Never Ever saman med Susanne Sundfør, som dei også samarbeidde med på låten Running to the Sea (2015). Röyksopp står også bak den nye jinglen til NRK Dagsrevyen som blei lansert i 2015. Duoen er vidare kjend for dei særeigne musikkvideoane sine.

Etter ein lengre pause sleppte Röyksopp i 2022 Profound Mysteries I, II og III, der vokalistar som Astrid S, Susanne Sundfør og Alison Goldfrapp medverkar. Ei rekkje kortfilmar og visualiseringar blei lanserte saman med det første albumet i tillegg til eit eige album med remiksar (Profound Mysteries Remixes).

Studioalbum

  • Melody A.M (2001)
  • The Understanding (2005)
  • Junior (2009)
  • Senior (2010)
  • The Inevitable End (2014)
  • Profound Mysteries (2022)
  • Profound Mysteries II (2022)
  • Profound Mysteries III (2022)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg