Prokopis Pavlopoulos, gresk politikar og professor, utdanna jurist. Hellas' president frå 13. mars 2015.

Prokopis Pavlopoulos er medlem av partiet Nytt demokrati, og har tidlegare representert partiet både som parlamentsmedlem og talsmann. Han har også hatt ei rekke rådgjevande stillingar, mellom anna var han juridisk rådgjevar til president Konstantinos Karamanlis frå 1990 til 1995.

Frå 2004 til 2007 var han minister for offentleg administrasjon og desentralisering. Innanriksminister frå 2007 til 2009.

Pavlopoulos har sidan 1989 vore professor i offentleg rett ved Universitet i Aten.

Den 18. februar 2015 blei Pavlopoulos fremja som presidentkandidat av koalisjonsregjeringa SYRIZA-ANEL. I ei avstemming dagen etter nominasjonen fekk han fleirtal i parlamentet med 233 stemmer. 

Pavlopoulos tok over som president etter Karolos Papoulias.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.