Faktaboks

Preikestolen
Prekestolen, Hyvlatonnå
Frå Preikestolen innover mot Lysefjorden
Preikestolen er blant dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg, og trekkjer til seg turistar frå inn- og utland.
Frå Preikestolen innover mot Lysefjorden
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Preikestolen på nordsida av Lysefjorden.

.
Lisens: fri

Preikestolen er eit fjellplatå på nordsida av Lysefjorden i Strand kommune i Rogaland. Fjellet skyt fram 604 meter over fjorden og stuper loddrett i sjøen. Platået er nesten heilt flatt på toppen og måler omtrent 25 × 25 meter; det ser nesten ut som om det er skore ut med kniv.

Sett ovanfrå har fjellet eit tydeleg sprekkemønster. Dette er såkalla trykkavlastingssprekkar, som blei danna då breen som låg i fjordbassenget, smelta bort for vel 10 000 år sidan, og trykket frå isen forsvann.

Historikk

Før turistane kom hit, kalla lokalbefolkninga den spesielle fjellformasjonen for «Hyvlatonnå» («høveltanna»), og det er ei god skildring. Den særprega fjellhylla minner om forma på ståltanna i ein høvel sett på høgkant.

I 1905 fann dei første turistane vegen til denne spektakulære fjellhylla. «Oppdagarane» frå Stavanger skreiv deretter om «erobringa» si og korleis det var å gå på den vassrette flata loddrett over Lysefjorden. Tilkøyringsvegen var likevel krunglete. Først tok ein båten frå Stavanger innover Lysefjorden til kaia ved Refsa. Deretter klauv ein opp den bratte stien frå fjorden og opp til Refsvatnet. Derfrå følgde ein omtrent den same stien som i dag fram til Preikestolen.

Ved Refsvatnet fanst det to små gardsbruk, Torsnes og Vatne. Begge plassane tilbaud overnatting for fotturistar som ville til Preikestolen. Dei første vandrarane fekk snart følgje av fleire, og Stavanger turistforeining bygde difor i 1949 den første Preikestolhytta for å gjera tilkomsten lettare. Det blei også merkt ei rute frå hytta til platået.

Populært

Stien til Preikestolen er godt opparbeidd

Gjennom åra har det blitt stadig meir populært å besøkja Preikestolen. I 2008 blei dei besøkjande for første gong systematisk registrerte, og resultatet var at om lag 118 000 personar hadde vore på fjellhylla. Dette talet har sidan hatt ei kraftig auke, og i 2022 var det rundt 350 000 personar som tok turen til Preikestolen. Det betyr at denne ruta er den mest gåtte av alle merkte fjellruter i Noreg.

Det er mest vanleg å gå turen til Preikestolen i perioden mai–september, men stadig fleire besøkjer også fjellhylla på andre tider av året. Den vanlege tilkomsten til Preikestolen går frå det som no heiter Preikestolen fjellstue, som i 2019 blei seld til private interesser. I 2020 blei den vel fire kilometer lange ruta til Preikestolen sertifisert som nasjonal turiststi.

Kommuneendring

Fram til 2020 låg begge sidene av Lysefjorden i Forsand kommune. Ved kommunereforma dette året blei Forsand og Sandnes slått saman til éin kommune, med unntak av nordsida av Lysefjorden mellom munningen i Høgsfjorden og Hengjandenibbå, det vil seia noko over ein tredel av lengda på fjorden med Preikestolen. Dette området blei då overført til Strand kommune, slik at Preikestolen og Preikestolhytta, som i reiselivssamanheng gjerne blir vurderte som éi eining, begge blei liggjande i Strand kommune.

Kart

Kart Preikestolen
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg