Polla er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamna Paul og Pål. Polla kan dessutan vere kjæleform av Pauline.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Polla Durie fødd 1814 i Stange (Hedmark), busett i Sør-Odal i 1865. Ho var døypt Pauline, og det er usikkert når kortforma Polla vart tatt i bruk på henne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Polla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg