Peter Iverson Langlo var ein norsk industrigründer og forretningsmann som var ein frontfigur for møbelindustrien på Sunnmøre.
Peter Iverson Langlo
Faktaboks
P.I. Langlo
- Fødd
- 6. januar 1892, Stranda, Noreg
- Død
- 15. april 1940, Stranda, Noreg
- Verke
- Møbelprodusent
- Familie
-
Foreldre: Gardbrukar Iver Bastian Pettersen Langlo (1861–1937) og husmor Helene Julianne Iversdotter Drege (1865–1958).
Gift 10.7.1921 med Johanne Olsdotter Kjølås (10.1.1899–7.7.1985), dotter til husmann Ole Andreas Kjølås (1866–1949) og husmor Susanne Marie Kjølås (1871–1924).



Dei tidlege åra
I tenåra lærte Langlo seg å flette korger av peddig, eit importert trevirke som vart bøyeleg når det låg i bløyt. Han fann ut at det også var mogleg å lage møblar av det mjuke materialet, og saman med nokre kameratar sette han i gang med å flette korgstolar med sete og rygg av rotting, eit anna lett formbart treslag. Arbeidet gjekk føre seg i kjellaren på heimegarden. I 1920 flytta han produksjonen til eit større lokale i Stranda sentrum. Salet auka, og i 1925 var Langlo den største korgmøbelfabrikken i Norden.
Stoppa møbler
Langlo hadde marknadsteft og tilpassingsevne. Under første verdskrigen var det vanskeleg å importere pil og peddig til korgmøblane, men då tok han til å bruke norsk bjørk i møbelproduksjonen. På slutten av tjuetalet var etterspurnaden etter spinkle korgstolar metta. Folk ville ha meir solide møblar, og i 1929 gjekk han over til å lage stoppa stolar med tunge trerammer. Kundane var kjøpevillige, og i 1940 var møbelstoppfabrikken hans den største i Skandinavia.
Samlebandsproduksjon
Som bedriftsleiar var Langlo påverka av amerikanske bedriftseigarar, som effektiviserte produksjonen gjennom samlebandprinsipp og akkordløn. Medan korgflettarane mest var sjølvstendige handverkarar med ansvar for det ferdige produktet, fekk stoppmøbelarbeidarane ansvar for berre ein avgrensa del av produksjonen. Dei tente godt på akkord, men såg likevel lenge på industrijobben som ei attåtnæring til gardsdrifta.
Fabrikken gjekk med overskot, og Langlo pløgde overskotet tilbake til verksemda og til bygdefellesskapet. Fagforeiningar var både han og arbeidarane skeptiske til, dei kom først etter andre verdskrigen.
Vidare drift
Etter at Peter Ivarson Langlo døydde i 1940, vart firmaet ført vidare i familien. Frå omkring 1950 satsa P.I. Langlos Fabrikker på den internasjonale marknaden. I fellesskap med andre møbelprodusentar i distriktet gjekk dei saman om å kartleggje USA og moglegheitene for eksport. Satsinga var vellukka, og seinare hadde Langlo jamleg leveransar til Asia, Afrika og Europa. Tidleg i 1960-åra sysselsette bedrifta rundt 170 personar og hadde om lag 8000 kvadratmeter golvflate.
Bedrifta samarbeidde med fleire av dei fremste formgivarane i landet, til dømes Karl Edvard Korseth og Arne Halvorsen.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Høidal, Eldar og Kjetil Tandstad (2018). Møbeleventyret: Møringane som møblerte landet, Selja Forlag
- Gjærde, Asbjørn (1990). Stranda: Industri og samfunn, Stranda Sogelag
- Ramnefjell, E. (1969). «Pioneren i norsk møbelindustri», i Øystein Røyseland (red.): Norske askeladder. Eventyr i det 20. århundre, Lutherstiftelsen
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.