Peter Hallaråker

Faktaboks

Peter Hallaråker

Peter Samuel Hallaråker

Født
21. mars 1933, Bremnes, Bømlo
Død
27. mai 2011

Artikkelstart

Peter Hallaråker, namnegranskar som med utgivinga av handbok om namneinnsamling hjelpte historielag og andre namneinteresserte i gang med innsamling av stadnamn.

Bakgrunn

Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1954 og vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961, med norsk hovudfag, engelsk mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag. Han studerte dessutan engelsk ved University of Minnesota i 1964–1965. Frå hausten 1962 var han tilsett som førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Han underviste i norsk ved Universitetet i Bologna i 1966–1968 og ved Universitetet i Wisconsin i 1978–1979. Han hadde forskingsopphald ved fleire utanlandske universitet.

Virke

Hallaråker stod som leiar for «Stadnamnprosjektet» i regi av Møreforsking i perioden 1985–1995. Røynslene frå prosjektet resulterte i Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking, ei handbok om namneinnsamling som kom ut i 1997. I 1983 kom Norwegian nynorsk: an introduction for foreign students ut, ei lærebok om nynorsk for utanlandske studentar. Dette emnet tok Hallaråker seinare for seg i fleire bøker og artiklar. Innanfor namnegranskinga interesserte han seg særleg for namn på vegar, og i 2006 kom oppslagsverket Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal. Han skreiv ti bøker om stadnamn og vel hundre vitskaplege artiklar om stadnamn og nynorsk.

Hallaråker hadde fleire fagpolitiske verv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg