Peter Andreas Skjeflo

Faktaboks

Peter Andreas Skjeflo
Født
27. mai 1868, Sparbu, Trøndelag
Død
1892, Sparbu, Trøndelag

Artikkelstart

Peter Andreas Skjeflo var lærar og forfattar frå Sparbu. Han var ein av dei første i Noreg til å nytte landsmålet i diktinga si.

Bakgrunn

Peter Andreas Skjeflo var fødd i Sparbu (no Steinkjer) i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han døydde 1892 i fødebygda si. Skjeflo tok lærarutdanning ved Klæbu seminar (1885–1987). Han var lærar på Hitra i Sør-Trøndelag (no Trøndelag) frå 1887 til 1891, før han tok til som lærar i Sparbu i 1881. Der arbeidde han til han døydde i 1892.

Forfattarskapen

Skjeflo skreiv lyrikk, prosa og dramatikk frå tidleg alder, men ingen bøker kom ut medan han levde. Etter at han var død, kom prosasamlinga Bygdafolk (1893), diktsamlinga Paa Rim (1893) og skodespelet Tru kjærleik (1911) ut. Skodespelet i tre akter var opphavleg ein følgjetong i avisa Inntrøndelagen.

Gjennom form og innhald kan diktinga til Peter Andreas Skjeflo plasserast inn i ein nasjonalromantisk og poetisk realistisk tradisjon. Både språk og tema er i slekt med diktinga til Aasmund Olavsson Vinje. Naturbilete og kjærleiken til landet er sentrale motiv i både prosaen, lyrikken og i skodespelet. Forteljingane, til dømes «Ein gamall daling», er levande folkelivsskildringar frå Nord-Trøndelag. Dikta er tradisjonelle i forma. «I kvelden», «Maalstrævarvisa» og «Sumar i Norig» er døme på det. Peter Andreas Skjeflo var ein av dei første forfattarane som nytta landsmålet i diktinga si.

Fleire av dikta, til dømes «Kvat havbøra syng», er tonesett av komponisten Johan Backer Lunde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg