Faktaboks

Percy Grainger
George Percy Aldridge Grainger
Uttale
grˈeindʒə
Fødd
8. juli 1882, Brighton, Australia
Død
20. februar 1961, White Plains, USA
Percy Grainger
Percy Grainger i 1919. Boken Grainger holder er Henry T. Fincks biografi om Edvard Grieg fra 1909.
Av /Library of Congress.

Percy Grainger var ein australsk-amerikansk komponist, pianist og folkemusikkinnsamlar. I si samtid var han svært populær både som komponist og pianist over store deler av verda. Grainger knytte sterke band til Skandinavia, og i Noreg er han særleg hugsa som nær ven av den aldrande Edvard Grieg.

Liv

Grainger vaks opp i Melbourne. Frå han var ti år gamal var mor hans eineforsyrgjar. Grainger synte tidleg musikalsk talent, og i 1895 flytta dei til Frankfurt for å la han byrja på Dr. Hoch's Konservatorium. Etter dette busette han seg i London i 1901, der han etablerte seg som pianist og komponist.

I 1917 flytta Grainger til USA, og slo seg ned i White Plains i delstaten New York. Planar om å flytta attende til Australia, som han hadde på både 1940- og 1950-talet, blei aldri gjennomført. I 1928 gifta han seg med den svenske kunstnaren Ella Viola Ström, under ein konsert han dirigerte i Hollywood Bowl, framfor eit publikum på om lag 20000 menneske. På 1930-talet etablerte han Grainger-museet i Melbourne. Etter den andre verdskrigen hadde han dårleg helse og komponerte lite.

I si tid var Grainger kjend både som ein særs gåverik kunstnar og som eksentrisk person. Dei kontroversielle sidene ved han har vore heftig debattert. Grainger var det vi i dag ville kalle ein open rasist og antisemitt, men han fatta samstundes tidleg interesse for kinesisk musikk og jazz. Han var og ein av dei fyrste som samla inn musikken til maori-folket og polynesiarane. Ein fascinasjon for BDSM dokumenterte han sjølv i Grainger-museet. Han stod mora svært nær, og grunnlause rykte om incest mellom dei bidrog til at ho tok livet sitt i 1922.

Musikken til Grainger

Den musikalske spennet til Grainger strekkjer seg frå folkemusikkinsamling via komposisjons- og konsertverksemd til eksperiment med tidleg elektronisk musikk. Verka hans har til felles at dei viser forkastinga hans av dei store klassiske formene, slik som symfoni og sonatesatsform, til fordel for kortare stykke og miniatyrar. Desse er gjerne meir prega av målet om heilskap enn av kontrast og tematisk utvikling. Musikken får likevel særpreg gjennom ei uvanleg merksemd for detaljar og ein hang til uvanlege løysingar: til dømes eksperimenterte Grainger tidleg både med harmonikk og med effektar som ujamne taktartar. I ensembleverk heldt han ei demokratisk fordeling av materiale mellom instrumenta som eit ideal.

Grainger er i dag mest kjend for folketoneomarbeidingar som «Country Gardens», «Shepherd's Hey» og «Irish Tune from County Derry». Desse er alle henta frå hans British Folk-Music Settings, ei samling dedisert til «Edvard Griegs minne i kjærleik og vørdnad». Omarbeidingane ligg gjerne tett opp til originalen, som han anten sjølv hadde teikna ned eller tatt frå ymse trykte kjelder. Omarbeidingane er ikkje formmessig forfina i høve til originalen, dei er heller presentert i dei opphavlege formene som stundom kan vera asymmetriske og bryta med tradisjonelle, kunstmusikalske prinsipp. Variasjonen i satsen kjem gjerne gjennom skifte i dynamikk og tekstur.

Grainger var i åra 1905–1907 den fyrste som samla inn britisk folkemusikk med fonograf. Dette gav han høve til å studera musikken meir inngåande enn samlarar som arbeidde med transkribering frå gehør til notetekst. Noko uventa er det at pianisten Grainger så ofte arrangerte musikken for ulike instrumental- og vokalensemble før han til slutt laga pianoversjonar av omarbeidingane sine.

I USA er Grainger mest kjent som komponist av musikk for brassband og janitsjarkorps, då mykje av musikken hans for desse ensembla var populær under verdskrigane. I det store og heile skreiv han likevel musikk for nær alle typer ensemble som var gjengs i samtida.

Sjølv rekna Grainger det han kalla «fri musikk» som det einaste viktige bidraget sitt til musikkhistoria. Fri musikk var namnet hans på ein musikk han høyrte for seg allereie frå tidleg ungdom av, der både tonehøgd og dynamikk skulle vere frigjort frå musikktradisjonar og avgrensingane til tradisjonelle musikkinstrument. Mot slutten av livet brukte Grainger mykje tid på å eksperimentera med moglegheitene for å realisera dei klanglege visjonane sine. Men Grainger mangla teknologien til å setje ideane ut i livet (synthesizarar var framleis ikkje tilgjengelege), og han har lite faktisk å syna til i denne genren, forutan nokre eksperiment med thereminar og eit maskineri han sjølv fekk laga – ein såkalla «reed box tone tool». Dette arbeidet, som peikar fram mot den elektroakustiske musikken som skulle ta form på den andre halvdelen av 1900-talet, er likevel eit viktig korrektiv til oppfatninga av Grainger som ein komponist som berre arbeidde med korte og tradisjonelle former.

Grainger og Skandinavia

Grainger var ein livslang ven av Skandinavia. Allereie som gut i Australia hadde han blitt fascinert av Edda-diktinga, og lærte seg dansk for å kunne eit språk som låg nær norrønt. I 1905 blei han kjent med Edvard Grieg. Det utvikla seg ein nær venskap mellom dei to i desse siste åra av Griegs liv. Grainger sin spelestil var kraftfull og rytmisk aksentuert, men samstundes rik på nyansar og raffinert pedalbruk. Dette kan vera grunnen til at Grieg rekna Grainger som den fremste tolkaren både av sin klaverkonsert i a-moll op. 16 og klaververket Slåtter op. 72. Sidan blei Grainger ven med David Monrad Johansen og Sparre Olsen, og brukte namnet sitt til å prøva å hjelpa karrierane deira. Sparre Olsen gav på si side ut monografien Percy Grainger i 1963. I 1954 fekk Grainger St. Olavsmedaljen av kong Haakon 7.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Egil Arnt Gundersen

savner mer opplysninger om samarbeidet med Grieg og Sparre Olsen. Samt om hans forskjellige turneer i Norge.

skreiv Egil Arnt Gundersen

Her jobbes det ikke fort.2 år har gått og norgesvennern Percy er fortsatt like dårlig omtalt. 21.nov.2013.

svarte Georg Kjøll

Hei Egil Arnt. Det er dumt at du synes vi er trege. Men leksikonet består av over 3000 fagområder, og vi har ikke mulighet til å fylle alle med fagansvarlige på én gang, da hver fagansvarlig krever oppfølging, opplæring og tilbakemelding, noen mye og noen lite. Og disse fagområdene har på sin side ca. 170 000 artikler som alle bør oppdateres jevnlig. Hvis vi sier at det tar i gjennomsnitt en halvtime å oppdatere hver artikkel, er det 85 000 timer, som er 10 625 dagsverk. Dette tilsvarer 45 årsverk, hvis et arbeidsår er på 235 dager. I tillegg kommer alle artiklene som må nyskrives eller ikke finnes fra før. Siden vi ikke har økonomi til å ansette mer enn 4-5 redaktører, og betale skribenter opp til et tak hvert år, må oppgaver prioriteres både for oss i redaksjonen og for skribentene vi skaffer.Artikkelen om Percy Grainger har kun hatt tre lesere det siste kalenderåret, ifølge mine data. Dermed står ikke Grainger på listen over de aller mest prioriterte temaene, og oppføringer som er prekære å utvide nå.Men målet vårt på sikt er at alle kategoriene skal ha produktive og dyktige fagansvarlige, og hvis rette person dukker opp her, og vi har tid til å innføre henne/ham i systemet, kan oppdateringen skje plutselig. Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg