Per Thorson

Faktaboks

Per Thorson
Født
2. mai 1899, Sandeid i Vikedal (no Vindafjord), Rogaland
Død
8. september 1969, Bergen

Artikkelstart

Per Thorson var ein norsk språkforskar.

Han vart dr.philos. 1937 på avhandlinga Anglo-Norse Studies, og var 1931–1953 lektor ved Tanks skule i Bergen, tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1953, frå 1959 som professor.

Som forskar interesserte han seg for restane av norsk på dei britiske øyane, og skreiv om lånord, lydhistorie og stadnamn. Innanfor nordistikk publiserte han dialektologiske arbeid knytt til heimstaden, språkhistoriske arbeidar og stadnamnstudiar.

Omfattande innsats som målmann, med leiarverv i mellom anna Studentmållaget, Vestmannalaget og Ivar Aasen-sambandet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg