Faktaboks

Per Hordnes
Fødd
4. oktober 1981, Bergen

Per Hordnes var ein periode den beste vektløftaren i Noreg.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Per Hordnes er ein norsk tidlegare vektløftar frå Bergen. Han vann kongepokalen sju år på rad i perioden 2006–2012. Hordnes står med alle dei norske rekordane i 94-kilosklassen.

Karriere

Berre tre år etter at han i ungdomsskulealder for første gong prøvde vektløfting, vann Per Hordnes sin første NM for juniorar. Året etter kom den første noregsrekorden, og Hordnes fekk delta i junior-EM og junior-VM.

Per Hordnes fekk eit nasjonalt gjennombrot då han i 2001 kom på andreplass i 85-kilosklassen under senior-NM på Vigrestad. Det første NM-gullet tok han i Trondheim i 2004. Det var den første av 11 strake NM-titlar. I perioden 2006–2012 tok han sju kongepokalar på rad.

Hordnes vann den nordiske meisterskapen fem gongar. Han vart nummer åtte samanlagt i EM i 2009. Han har alle dei norske rekordane i 94-kilosklassen med 152 kilo i rykk, 187 kilo i støt og 332 kilo samanlagt. Hordnes representerte AK Bjørgvin.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg