Per Hilleren

Faktaboks

Per Hilleren
Født
7. juni 1906, Veitastrond i Sogn, Vestland
Død
23. april 1994, Sogndal, Vestland

Artikkelstart

Per Hilleren var predikant og forfattar, med store opplagstal for mange av bøkene sine.

Liv

Per Hilleren var fødd på Veitastrond i Sogn i Nordre Bergenhus amt (no Vestland) og døydde i Sogndal i Sogn og Fjordane (no Vestland). Etter folkeskulen gjekk han framhaldskulen, seinare eitt år på Framnes Folkehøgskule i Hardanger og ein vinter på Sogndal folkehøgskule. Etter dette vart han bonde i Sogndal og seinare i Ytre Sogn, og reiste samstundes rundt og selde både sine eigne og andre sine bøker. I 1936–1938 og 1942–1945 hadde han stilling som styrar av den gamle futegarden Asklund i Balestrand.

Frå midten av 1930-talet var Hilleren òg predikant, og reiste rundt som forkynnar for fleire kristelege organisasjonar, mellom anna for Kristeleg Folkeparti i 14 månader. I periodane 1938–1942 og 1953–1966 budde Hilleren i Bergen, der han først var tilsett i Lunde forlag og deretter i Ansgar, to forlag som gav ut kristelege bøker. Etter krigen var han igjen tilsett i Ansgar, med arbeidsplass i Oslo.

I åra i Bergen reiste Hilleren som predikant for Den indre Sjømannsmisjon, men arbeidde også ei tid i Blå Kors, var skribent i avisa Dagen og ei stund redaktør i Fiskernes Venn. I 1962 hadde han eit halvt års opphald i New York, i eit vikariat som assistent i sjømannskyrkja.

I 1966 vende Hilleren heim att til Sogndal, der han vart buande resten av livet. Ei kort tid var han redaktør for lokalavisa Sygnabladet, men måtte gi seg på grunn av sjukdom. Sygnabladet eksisterte berre eit års tid, 1966–1967.

Forfattarskapen

Hilleren debuterte som forfattar i 1928 med prosadiktet Kveldssol. Seinare kom det om lag 50 bøker til, dei aller fleste romanar, men han skreiv òg sakprosa og forteljingar for barn. Den siste boka var sjølvbiografien Minneskog (1981).

Fleire av romanane vart selde i 30 000 eksemplar, mellom anna Du hører dalen til (1940) og Tunsvoll. Vårstormer (1942). Hilleren skreiv på begge målformene, men det skjedde ei endring i løpet av forfattarskapen: Før 1940 er dei aller fleste bøkene hans på nynorsk, etter 1940 er nynorsk unntaket.

Hilleren sine bøker høyrer til den kristelege populærlitteraturen, som vart produsert og seld gjennom eit eige litterært krinsløp, med eigne forlag, bokhandlarar og eit lesande publikum som var knytt til den kristne lekmannsrørsla. I romanane til Hilleren er handlinga lagd til vestnorske bygdemiljø, med ein nokså tydeleg skepsis mot byen og moderne kulturliv.

Bøkene er prega av detaljerte miljøskildringar, der arbeid og nøysemd er positive verdiar. Omvending og tru er sentrale element i romanane, med ei sterk vektlegging av dei kristne sitt særskilde ansvar for å forvalte ressursane på jorda. Eit par av romanane har Israel og israelsfolket som emne. Gull og kjærlighet (1939) er eit oppgjer med Hitler og nazismen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde, 1978
  • Jarle Bondevik: «Per Hilleren – forfattar og forkynnar», Bjørgvin: kyrkjehistorisk årbok, 1994
  • Per Hilleren: Minneskog. Oslo, 1981
  • Ingrid Nymoen: «Den kristne populærromanen i Norge», i Eyvind Skeie og Tove Pemmer Sæthre (red.): Kristen tro i romanen. Oslo, 1985
  • Ingrid Nymoen: «Forfattaren Per Hilleren til minne», Bjørgvin: kyrkjehistorisk årbok, 1994

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg