Per Halse

Faktaboks

Per Halse
Født
24. januar 1957, Ørsta, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Per Halse er teolog og professor ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd mykje med språkhistorie innanfor den norske kyrkja.

Per Halse er fødd i ØrstaSunnmøre. Etter å ha fullført Volda gymnas i 1976 gjekk han eit år på Øytun Folkehøgskule i Alta. Deretter studerte han ved Menighetsfakultetet i Oslo, der han vart cand.theol. i 1984. I 1990 tok han historie grunnfag ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet), og i 1993 grunnfag i pedagogikk ved Volda lærarhøgskule (no Høgskulen i Volda). I 2009 vart han ph.d. ved det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, med avhandlinga Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859–1908.

Halse var kateket i Karlsøy 1985–1987 og vikarierande sokneprest same staden 1987 og 1989–1990. Han var vikarprest i Søre Sunnmøre prosti 1990–1991 og arbeidde samstundes ved Volda vidaregåande skule. I 1991 vart han tilsett som høgskulelektor ved Volda lærarhøgskule. Denne skulen vart frå 1994 ein del av Høgskulen i Volda, der Halse framleis er tilsett. Frå 1999 var han førstelektor, frå 2009 førsteamanuensis og frå 2018 professor. Frå august 2011 til 2015 var han rektor ved høgskulen.

Han sat i styret ved Høgskulen i Volda i perioden 2008–2015 og i styret for Norske Kyrkjeakademi 2008–2012. Sidan 2014 har han vore rådsmedlem i Nynorsk kultursentrum, frå 2018 som rådsordførar.

Dei faglege tyngdepunkta til Halse er norsk kyrkjehistorie og Det nye testamentet. Han sameinar desse felta i avhandlinga si, der han ser på arbeidet med den første heilnorske bibelomsetjinga. Halse har skrive fleire lærebøker, mellom anna Gudsord og menneskeord, ei innføring i bibelkunnskap for bibelstudiet i allmennlærarutdanninga. I samband med 100-årsjubileet for Fyrebilsbibelen gav han i 2021 ut «Den fyrste bibelen paa norsk». Historia om Fyrebilsbibelen saman med Anders Aschim.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg