Faktaboks

Per Bergerud
Fødd
28. juni 1956, Flesberg
Per Bergerud
Norgesmesterskap i hopp. Her Per Bergerud som ble norgesmester i 1985.
Av /NTB Scanpix.

Per Bergerud er ein norsk tidlegare skihoppar frå Svene.

Han blei verdsmeister i stor bakke i Seefeld i 1985, då han òg tok bronse i normalbakke, og i lagkonkurransen i Oslo i 1982. Bergerud var OL-deltakar i 1976, 1980 og 1984. Han vann fire sigrar i verdscuprenn og i alt åtte NM i perioden 1978–1985: fire i stor bakke og fire i normalbakke. Bergerud vann fire kongepokalar og Holmenkollrennet i 1979. Han blei tildelt Holmenkollmedaljen i 1985.

  • Klubb: Svene IL.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg