Per Arne Olsen var ein norsk politikar for Framstegspartiet (Frp). Han var stortingsrepresentant for Vestfold i perioden 2009—2013, fylkesmann i Vestfold i 2016—2018 og frå 2019 statsforvaltar i Vestfold og Telemark.
Per Arne Olsen
Faktaboks
- Fødd
- 21. februar 1961, Tønsberg, Vestfold
- Død
- 18. november 2022

Bakgrunn
Per Arne Olsen var fødd i Tønsberg. Han gjekk på Tønsberg Handelsgymnas i 1977—1980. Seinare tok han kurs ved Forsvarets høgskole. Olsen arbeidde som bankfunksjonær i Nøtterø Sparebank i 1980—1981 og var salssekretær i Lindfo AS i 1981—1986. Frå 2013 til 2016 var han seniorrådgivar i Gambit Hill+Knowlton.
Politisk karriere
Olsen var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom i 1986—1989. Mellom 1989 og 1997 var han kontorsjef ved hovudkontoret til Frp og fungerande generalsekretær i partiet i 1992—1993. Han var nestleiar i Frp i 2005—2013.
Olsen var medlem av Tønsberg kommunestyre for Frp mellom 1983 og 2009, først som bystyrerepresentant, deretter i formannskapet i 1987—2003. I 2003—2009 var han ordførar i Tønsberg. Olsen var sekretariatsleiar i stortingsgruppa til partiet i 1997—2003.
Han var vararepresentant til Stortinget i 2001—2009 og vart innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vestfold i perioden 2009—2013. Han var i denne perioden medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. I 2016—2018 var han fylkesmann i Vestfold og sidan 2019 statsforvaltar i Vestfold og Telemark.
Andre verv
Olsen hadde fleire administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret for Folketrygdfondet i 1992—2009, varamedlem i Kringkastingsrådet i 1998—2009, medlem av styret for KS (Kommunenes Sentralforbund) i 2008—2009 og medlem av styret i Vinmonopolet frå 2016.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.