Penna Forlag var eit forlag med base i Førde i Sunnfjord som var i drift frå 2007 til 2010 og gav ut sju titlar. Forlaget hadde som mål å gi ut bøker for folk flest, særskilt retta mot vestlandsregionen.

Forlaget vart etablert i februar 2007 og var eigd og drive av Johannes Nikolai Fleten og Iris Loftheim Valaker. Fleten dreiv tidlegare bokhandel i Førde, og Loftheim Valaker hadde bakgrunn frå Selja Forlag.

Utgivingane på Penna fell innanfor eit breitt spekter, og forlaget avgrensa seg ikkje til berre éin type bøker. Katalogen femner om bøker med så ulike tema som motbakkeløp, reising, dikt, praktbøker om Førde og verandafilosofi.

Fleire av bøkene er utprega visuelle, med ein kombinasjon av tekst og foto. Dette gjeld både Motbakkemoro av Kristin Roset, Kjælne kjevler og tomme hender av Hans Sande og Ole Fretheim, og dei to bøkene til Stig Roger Eide: Til Førde,og Stig ut i naturen. Også reiseboka Til høgre for Machu Piccu av Heidi Hattestein inneheld mykje fotomateriale.

Penna Forlag gjekk konkurs våren 2010.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg