Faktaboks

Penelope Lea
Fødd
2004, Oslo
Penelope Lea
Penelope Lea på Miljøpartiet De Grønnes landsmøte i 2019.
Penelope Lea
Av /NTB.

Penelope Lea er ein norsk miljø- og klimaktivist. Ho kjem frå Kjelsås i Oslo.

Ho byrja å engasjere seg i miljøspørsmål allereie då ho var rundt åtte år gammal. Som elleveåring blei ho valt inn i styret til miljøorganisasjonen Miljøagentene. Gjennom denne organisasjonen har ho også sete i og leia Barnas Klimapanel. Panelet representerer born i Norge sine meiningar om miljø og klima, til dømes i klimaforhandlingar i FN og internasjonale klimatoppmøter. Dei skriv ein rapport kvart år som dei presenterer for politikarar og andre menneske som tek avgjerder.

Penelope Lea har heldt ei rekke appellar om klima og miljø, blant anna under demonstrasjonen Klimabrølet i Oslo sentrum i august 2019. I 2020 blei ho valt som ambassadør for UNICEF, som er FN sitt barnefond. Lea var den nest yngste personen som fekk dette vervet, og den aller fyrste klimaaktivisten. Grunngjevinga for at ho fekk vervet, var at ho er «uredd, ambisiøs og ekstremt kunnskapsrik».

I 2021 ga Penelope Lea ut boka I hverandres verden. I boka intervjuar ho fleire kjente menneske om klima, miljø, natur, politikk, menneskerettar og born sine retter. Blant intervjuobjekta er tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, FNs klimasjef Christina Figueres og forskarane Dag O. Hessen og Bjørn Halvard Samset.

Penelope Lea er ein talsperson for at 16-åringer bør få stemmerett i Noreg.

Utgivelser

  • I hverandres verden, Cappelen Damm, 2021

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg