Paul Emil Rynning var ein norsk salmehistorikar og prest. Han publiserte fleire arbeid om norsk salmedikting og gjorde eit stort arbeid med Norsk salmeleksikon, som kom ut posthumt.
Paul Emil Rynning var fødd i Moss i Østfold. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1908 og krigsskulen første klasse året etter. I 1914 tok han teologisk embetseksamen og praktisk-teologisk eksamen ved Universitetet i Oslo. Han vart ordinert i Tromsø i 1915. Frå same året var han kateket i Vadsø, deretter sokneprest i Hornindal i 1917–1924 og sokneprest i Hommedal i Agder i 1924–1936. I 1936 vart han sokneprest i Løten, der han var til han døydde. Frå 1946 var han òg prost i Hedmark prosti.
I 1928 fekk Rynning Kongens gullmedalje for ei oppgåve om salmediktinga i Noreg i tida 1824–1869. Sidan var studiar i salmehistoria ei hovudinteresse for han. Med stipend frå universitetet gjorde han i 1930 ei studiereise til Danmark og Tyskland for å studere salmehistorie. I 1930- og 1940-åra publiserte han fleire salmehistoriske artiklar i Norsk Teologisk Tidsskrift.
Tobandsverket Salmediktingi i Noreg (1954) og Norsk salmeleksikon (1967) vart utgitt posthumt. Særleg er det grunn til å framheve det flittige arbeidet han gjorde med salmeleksikonet – før dataalderen. Rynning må reknast som ein av dei sentrale hymnologane i Noreg. Dessutan både omsette og skreiv han eigne salmar, publiserte i samlinga Salmar og kvæde (1955).
Rynning hadde allsidige interesser. Han var med på å skipe Vadsø Mannskor i 1916, som han òg dirigerte, og Finnmarkens Sangerforbund same året. I Hornindal sette han i gang og dreiv mellomskule, og han var med på å opprette Firda Gymnas i Gloppen i 1922.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.