Artikkelstart
Park Geun-hye, sørkoreansk politikar. Ho var Sør-Koreas president frå 25. februar 2013 til 10. mars 2017. Park var Sør-Koreas første kvinnelege president.
Park Geun-hye er dotter av tidlegare president Park Chung-hee. I 1974 blei ho de facto Sør-Koreas førstedame i ein alder av 22 år, etter at mora, Yook Young-soo, blei drepen i eit attentat opphavleg retta mot faren, dåverande president Park Chung-hee.
I desember 2016 blei Park stilt for riksrett tiltalt for korrupsjon. Den 10. mars 2017 blei ho dømd til å fratre stillinga som president for å bli stilt for retten. Dette er første gong ein demokratisk valt leiar i Sør-Korea blir avsett.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.