Paraguay er medlem av FN og andre internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, Verdas handelsorganisasjon og Det internasjonale pengefondet. Av internasjonale organisasjonar som arbeider for amerikanske særinteresser har Paraguay medlemskap i mellom anna Organisasjonen av amerikanske statar og Mercosur.

Landet sin utanrikspolitikk har dei siste tiåra i stor grad vore retta mot å oppretthalde ein god kontakt med nabolanda Brasil, Argentina og Bolivia. Sidan 2013 arbeidde likevel landets president Horacio Cartes for at Paraguay skal få eit sterkare nærvær på den internasjonale politiske og økonomiske arenaen. Han gjekk av i 2018.

Paraguay har ein liten, men raskt veksande økonomi og har auka grad av økonomisk kontakt med omverda. USA er den største utanlandske investoren i Paraguay. Dei seinare åra har Paraguay og USA også knytt tettare band i ein felles kamp mot narkotika og menneskehandel.

Det eksisterer få bilaterale politiske og handelsmessige forbindelsar mellom Noreg og Paraguay. Paraguay er representert i Noreg gjennom ambassaden sin i Sverige, mens Noreg er representert i Paraguay gjennom sin ambassade i Buenos Aires (Argentina) og generalkonsulat i Asunción.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg