Paraguays internasjonale relasjonar

Paraguay er medlem av FN og andre internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, Verdas handelsorganisasjon og Det internasjonale pengefondet. Av internasjonale organisasjonar som arbeider for amerikanske særinteresser har Paraguay medlemskap i mellom anna Organisasjonen av amerikanske statar og Mercosur.

Landet sin utanrikspolitikk har dei siste tiåra i stor grad vore retta mot å oppretthalde ein god kontakt med nabolanda Brasil, Argentina og Bolivia. Sidan 2013 har likevel landets president Horacio Cartes arbeidd for at Paraguay skal få eit sterkare nærvær på den internasjonale politiske og økonomiske arenaen.

Paraguay har ein liten, men raskt veksande økonomi og har auka grad av økonomisk kontakt med omverda. USA er den største utanlandske investoren i Paraguay. Dei seinare åra har Paraguay og USA også knytt tettare band i ein felles kamp mot narkotika og menneskehandel.

Det eksisterer få bilaterale politiske og handelsmessige forbindelsar mellom Noreg og Paraguay. Paraguay er representert i Noreg gjennom ambassaden sin i Sverige, mens Noreg er representert i Paraguay gjennom sin ambassade i Buenos Aires (Argentina) og generalkonsulat i Asunción.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg