PS, eller ps, er ei forkorting for postskriptum. Postskriptum kjem frå latin post scriptum og betyr 'etterskrift'.
Eit postskriptum kan i brev vere raskt tilføydde informasjonstillegg eller tekstmerknader til det som allereie er skrive, eller ei tilleggsopplysning uavhengig av temaet i teksten. Postskriptum har tradisjonelt vore vanlegast i uformelle brev, lagt til etter den eigentlege slutten av eit brev (vanlegvis etter underskrifta).
Same type informasjon eller merknader kan òg leggjast til i bøker, essay og liknande tekstar, men då er teksten og utføringa ofte meir gjennomtenkt, og det blir gjerne heller kalla for etterord.
Nokre gonger blir det lagt til fleire PS. Andre PS kan forkortast PPS, av latin post post scriptum, 'etter etterordet', tredje PS kan forkortast PPPS og så vidare.
Kommentarar (3)
skreiv John Erik Bøe Lindgren
svarte Børge Nordbø
skreiv John Erik Bøe Lindgren
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.