Pål Tøien (OnklP)

Faktaboks

Pål Tøien
OnklP
Født
12. mai 1984, Asker, Viken
Pål "OnklP" Tøien.
Av /SCANPIX.
Pål "OnklP" Tøien på VG-lista-konsert i 2015.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Pål Tøien er ein norsk rappar. Gjennom duoen Jaa9 & OnklP og raprockgruppa OnklP & De Fjerne Slektningene har han prega utviklinga i norsk hiphop dei siste femten åra.

Bakgrunn

Pål Tøien er fødd i Asker i Akershus (no Viken). Han flytta til Lillehammer då han var tolv år gamal, og budde der då han starta rapkollektivet Dirty Oppland.

Musikkarrieren

Det var Pål Tøien og Johnny Silseth som var dei sentrale medlemmene i Dirty Oppland, og saman starta dei duoen Jaa9 & OnklP i 2002. Først gav dei ut mikstapen Bondegrammatikk (2003), som er den mestseljande mikstapen i Noreg. Året etter kom debutalbumet Sjåre brymæ (2004), som mellom anna inneheld den humoristiske skrønesongen «Kjendisparty». Duoen har seinare gitt ut Bondedramatikk (2008), Sellout! (2009), dobbeltalbumet Lasse og Geir (2011) og Diskoteket er stengt (2014). OnklP har òg gitt ut den personlege og mørke soloplata Det kunne vært deg (2005), og Slekta og Slekta II (2014) saman med rockegruppa De Fjerne Slektningene, der medlemmer frå grupper som Oslo Ess og Turbonegro spelar.

Rapstilen til OnklP er tilbakelent og seig, stundom sløv. Musikken hans er ofte lettstemt, med morosame tekstar, snedige rim og frekke, freidige linjer både om han sjølv og om musikarkollegaer og kjendisar. Men like ofte er det svært mørke refleksjonar og lydbilete i musikken til OnklP. Han har vore open om sine eigne problem med angst og rus, seinast i songen «Styggen på ryggen», som han laga saman med De Fjerne Slektningene.

OnklP er mykje brukt som gjesteartist, og han opptrer på ei lang rekkje norske hiphop-album, til dømes av Tungtvann, Lars Vaular og Admiral P.

Utmerkingar

Jaa9 & OnklP fekk Alarmprisen i 2005 for debutalbumet Sjåre brymæ. Under P3 Gull 2014 blei OnklP & De Fjerne Slektningene kåra til Årets liveartist, og songen «Styggen på ryggen» blei kåra til Årets låt. OnklP & De Fjerne Slektningene blei nominert til Spellemannprisen i 2014 i kategorien Urban, medan «Styggen på ryggen» blei nominert i kategorien Årets hit. OnklP vann P3-prisen på P3 Gull i 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg