Artikkelstart
På Norsk L/L var eit norsk plateselskap som gav ut innspelingar med tekstar på nynorsk og dialekt. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.
På Norsk L/L var eit norsk plateselskap som gav ut innspelingar med tekstar på nynorsk og dialekt. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.
På Norsk L/L vart skipa 10. mai 1982. Bak selskapet stod Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Kringkastingsringen, Noregs Boklag, Det Norske Samlaget, Landslaget for spelemenn, TT-studio, Heilo Musikk, Oppsong A/S og Det Norske Teatret. Ola E. Bø var dagleg leiar dei første åra. I 1985 tok Bondeungdomslaget i Oslo over aksjefleirtalet, og Oddvar Natvik vart ny dagleg leiar. Selskapet gjekk konkurs tidleg i 1988.
Det første året hadde selskapet ut to utgivingar: ei innspeling av Garborg-framsyninga Ein diktar og hans strid, med Gisle Straume, og eit konsertopptak med Stanley Jacobsen og Ingvar Moe på kassetten Kattaliv og anna sædløysa. Året etter, i 1983, var det mest aktive året til På Norsk L/L, med heile sju utgivingar, inkludert barneplatesuksessen Rocken Bom og andre frå Songboka mi. Ei anna viktig utgiving det året var Tid å hausta inn, der Kari Bremnes og Lars Klevstrand song komposisjonar som Per Indrehus hadde laga til tekstar av Olav H. Hauge og Hans Børli.
I 1984 kom mellom anna julesingelen «Den fattige Gud», med musikk av Henning Sommerro og tekst av Edvard Hoem. Same året gav selskapet òg ut den Spelemannpris-nominerte plata Epitafios, der Hege Tunaal tolka musikken til Mikis Theodorakis på nynorsk.
Fleire år med budsjettunderskot gjorde at utgivingstempoet etter kvart vart mindre, med berre éi utgiving i 1986. I staden vart det satsa meir på underbruket Plateringen På Norsk, ein plateklubb der folk kunne kjøpe plater med norskspråklege artistar som Olav Stedje og Åge Aleksandersen. I 1987 byrja selskapet å gi ut fleire plater att, men det lét seg ikkje gjere å få økonomien på fote, og i oktober 1987 kom det som vart den siste utgivinga til plateselskapet, ei innspeling av Ivar Aasen-framsyninga Dikt og sanning, med Gisle Straume.
PNK = kassett. PN = LP (desse titlane finst òg i kassettutgåve)
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.