Faktaboks

Ove Røsbak
Fødd
5. august 1959, Furnes, Innlandet
Ove Røsbak.
Av .

Ove Røsbak er ein norsk forfattar og sceneartist med både barn og vaksne som målgrupper. Røsbak skapte stort oppstyr då han la fram opplysningar om Alf Prøysen si seksuelle legning.

Bakgrunn

Ove Røsbak er fødd på Furnes i Ringsaker i Hedmark (no Innlandet). Han tok examen artium som privatist i 1980.

Forfattarskapen

Røsbak er ein svært allsidig kulturperson. I tillegg til å vere forfattar i mange sjangrar for både barn og vaksne har han brei og lang røynsle som sceneartist og foredragshaldar. Sidan 1978 har han livnært seg som kunstnar på heiltid.

I 1978 debuterte han med lyrikksamlinga Lævandes dikt. Som lyrikar han har nådd eit stort publikum, og med åra har det vorte mange samlingar. Røsbak har òg skrive noveller, barnebøker, juleforteljingar og romanar. I tillegg til fleire historiske spel har han skrive skodespel for teaterscene og radio. Han har òg gjendikta delar av Carl Sandburg sin lyrikk.

Fleire av bøkene hans er skrivne på hedmarksdialekt. Også tematisk er bøkene forankra på Hedmarken og i heimbygda. Kjærleik, sorg og tap er andre sentrale tema i forfattarskapen, alvorlege tema som ofte kjem til uttrykk gjennom bruk av humor.

Røsbak har gitt ut fleire biografiar: Alf Prøysen. Præstvægen og Sjustjerna (1992), Rolf Jacobsen. En dikter og hans skygge (1998) og Margrete. Nordens dronning (2002), om den danske dronninga som grunnla Kalmarunionen.

I 2004 la Røsbak i artikkelen «En annerledes Alf Prøysen» fram opplysningar om at Prøysen var bifil. Dette skapte stort oppstyr. Prøysen sin nærmaste familie skulda Røsbak for løgn, medan andre kjende røyster tok til orde for at slike opplysningar ikkje var relevante for å forstå kunstnaren Prøysen. Ole Paus var ein av dei som gjekk kraftig ut mot Røsbak. Eit anna moment som skapte engasjement, var at dei nye opplysningane bevisst var haldne tilbake av Røsbak i biografien frå 1992.

Utmerkingar

Røsbak vart tildelt Prøysenprisen i 1980. Han fekk Austmannaprisen i 1981, Alf Hambes Pris i 1983, Cappelenprisen i 1984, Ringsakerprisen og Hedmarksprisen i 1998. I 2010 fekk han Vidar Sandbecks kulturpris.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

  • Når tida kjæm (Lyrikk, 2008)
  • Midtvegs (Lyrikk, 2000)
  • Astronaut i magarommet (Lyrikk, 1995)
  • Tredjemann (Roman, 1990)
  • Røk og stål. Gjendikting av Carl Sandburg (Gjendikting, 1988)
  • Like før (Roman, 1987)
  • Nå dreg du nattgardina frå (Lyrikk, 1985)
  • Husimellom (Noveller, 1984)
  • Aue i mai (Lyrikk, 1981)
  • Bærbent – på bone gølv (1980)
  • Kalsvogn og pottisjord (1979)
  • Lævandes dikt (1978)

Barne- og ungdomsbøker

  • Gubbe Grå i Berget det blå (1996)
  • Nisse på Haugen (1994)
  • Månen og skilpadda (1990)
  • Trollstenen (1984)

Sakprosa

  • Alf Prøysen. Blåklokkevisu og slipsteinsvæils (Biografi, 2014)
  • Margrete – Nordens dronning (Biografi, 2002)
  • Rolf Jacobsen. En dikter og hans skygge (Biografi, 1998)
  • Alf Prøysen. Præstvægen og sjustjerna (Biografi, 1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg