Ottar Befring

Faktaboks

Ottar Befring
Født
19. november 1939, Sunnfjord, Vestland

Artikkelstart

Ottar Befring er ein norsk offiser og politikar for Arbeidarpartiet som har vore statssekretær i Landbruksdepartementet og fylkesmann i Møre og Romsdal.

Bakgrunn

Ottar Befring er fødd i Jølster i Indre Sunnfjord. Han utdanna seg til offiser i Forsvaret og gjennomførte befalsskulen i 1960, krigsskulen i 1966 og Hærens stabsskule i 1976. I 1978 tok han over familiegarden i Jølster, som han dreiv til 1992.

Karriere

Hæren

Befring var tilsett som offiser i Hæren i 1960–1978 og har vore troppssjef og kompanisjef, dessutan bataljonssjef som vernepliktig og på repetisjonsøving. Han er vernepliktig oberstløytnant i Hæren.

Politisk karriere

Befring var statssekretær i Landbruksdepartementet for Arbeidarpartiet frå 1992 til 1997, landsbruksdirektør i Møre og Romsdal i 1998–2002 og fylkesmann i Møre og Romsdal i 2002–2009.

Som statssekretær i Landbruksdepartementet var Befring med på å arbeide fram stortingsproposisjonen om landbruk og utvikling (1992), som mellom anna tok for seg bygdeutvikling, distriktspolitikk, miljøvern i landbruket og trygg mat.

Befring har hatt ei rekkje politiske og offentlege verv. Har var medlem av kommunestyret i Jølster i 1983–1992 og fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1983–1991.

Andre verv

Frå 2000 har han vore leiar av Omsetningsrådet for landbruksvarer. Han var leiar for Reindriftsstyret i 2005–09 og i Reindriftens utviklingsfond i 2005–2010.

I 2005–2011 var Befring president i Noregs Forsvarsforeining. Han har vore aktiv korsongar gjennom ei rekkje år, i Stardalen Mannskor og Fuglset Mannskor. I perioden 1983–1995 var han styreleiar i Sogn og Fjordane Teater (no Teater Vestland).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg