Faktaboks

Ottar Svarte

Norrønt: Óttarr Svarti

Levetidskommentar
Fødd på slutten av 900-talet på Island; Dødsår og dødsstad er ukjende, men den bevarte skaldediktinga etter Ottar Svarte omtalar ikkje hendingar etter ca. 1027
Verke
islandsk skald
Familie

Foreldra er ukjende, men ifølgje Heimskringla var han systerson til Sigvat Tordarson (Sigvat skald).

Vi veit ikkje om han var gift.

Ottar Svarte var ein islandsk skald frå tidleg på 1000-talet. Han er nemnd i Skáldatal som skald hjå danskekongen Svend Tveskæg, hjå svenskekongen Olof Skötkonung, hjå den norske kong Olav Haraldsson og hjå Knud den store. Noko av diktinga hans om alle desse kongane er bevart.

Skáldatal nemner at Ottar også dikta om Dale-Gudbrand. Den eine av dei to versjonane av Skáldatal nemner også eit dikt til den svenske kongssonen Anund Jakob.

Kvad

Snorre Sturlason siterer fleire strofer av Ottar Svarte i Edda. Kjeldene til det vi elles veit om Ottar er ulike kongesoger, slik som Eldste Saga, Legendariske saga, Fagrskinna, Knýtlinga saga, Snorres særskilde Olavssoge og Heimskringla. Dei fleste strofene som er overleverte etter Ottar, er siterte som kjelder i kongesogene, og her vert det òg referert til nokre episodar i skaldens liv. Mellom anna skal han ha dikta ein mansǫngr (kjærleiksdikt) til den svenske kongsdottera Astrid. Dette heldt på å koste Ottar livet då han kom til kong Olav Haraldsson, som i mellomtida hadde gift seg med Astrid.

Eldste saga, Legendariske saga og Styrmes tapte soge om Olav den heilage (tekst frå Styrme finst i Flateyjarbók og andre interpolerte handskrift av den særskilde Olavssoga) fortel at då Ottar kom til Noreg etter Olof Skötkonungs død i 1022, førte rykte om kvadet til Astrid til at han vart kjøleg motteken av Olav Haraldsson. I nokre versjonar av anekdoten vil kongen drepe han. Sigvat skald bad om å få høyre kvadet og rådde Ottar til å dempe innhaldet og ta ut nokre strofer. Deretter skulle han kvede det omdikta kvadet om Astrid for kongen, for så å kvede eit lovkvad om kongen. Dette gjorde at Ottar vart forlikt med kongen. Lovkvadet om Olav Haraldsson kallast Hǫfuðlausn, ’hofudløysinga’, fordi Ottar kjøpte seg livet med dette kvadet.

Det ser ut for at Ottar tidleg gjekk over til kong Knud. Til Knud dikta Ottar lovkvadet Knútsdrápa. Dei fleste av dei bevarte strofene er overleverte berre i Knýtlinga saga. Diktet fortel om Knuds kampar i England i perioden 1015–1016 og om slaget ved Helgeå, som fann stad mellom 1025 og 1027. Legendariske saga fortel at kong Knud som skaldeløn gav Ottar ein hjelm fylt med sølvpengar. Soga seier rett nok ikkje at det var Knútsdrápa som vart løna slik, og episoden er her også plassert før Ottars opphald hjå kong Olav Haraldsson.

Versemål

Kvada som Ottar dikta til kong Svend er ikkje bevarte. Det er heller ikkje noko av kvadet til Anund Jakob, av diktet om Dale-Gudbrand eller av kjærleiksdiktet til Astrid. Det eldste bevarte av Ottars dikting er seks halvstrofer av eit kvad han dikta til Olof Skötkonung. Dette diktet, Óláfsdrápa sœnska, er berre overlevert i Snorres Edda. Diktet er det eldste vi kjenner i versemålet hálfhnept. Eigentleg er diktet i ein kombinasjon av hálfhnept og det versemålet som i Snorres Edda er kalla alhnept. Det iøyrefallande versemålet med trykktung utgang og innrim (hending) i første og siste staving i verslina (i alhnept har andre og siste staving fullrim) skil seg klart frå det vanlegaste skaldeversemålet, dróttkvætt.

Det har vore diskutert om dette versemålet kan vere påverka av irsk dikting. Versemålet vere ein innovasjon hjå Ottar, og skalden bed også i første strofa kongen leggje merke til versemålet. Knútsdrápa har derimot ein enklare stil enn Hǫfuðlausn. Som forklaring på den enkle stilen har det vore foreslått at Ottar her kanskje vender seg til eit blanda engelsk-skandinavisk publikum i England.

Utgjevingar

  • Dikta til Ottar er trykte i Finnur Jónsson: Den norsk-islandske skjaldedigtning, København 1912–15, tekst etter handskrifta i 1A, s. 289–299; retta tekst i 1B, s. 267–275

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finnur Jónsson: Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, 2. utg., København 1920–24
  • J. d. Vries: Altnordische Literaturgeschichte, Berlin 1941–42
  • A. W. Brøgger: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 10, 1949
  • O. Nordland: Hǫfuðlausn i Egils saga, ein tradisjonskritisk studie, 1956
  • Einar Ól. Sveinsson: «An Old Irish Verse Form Wandering in the North», i Proceedings of the Seventh Viking Congress, Dublin 1973
  • B. Fidjestøl: Det norrøne fyrstediktet, Øvre Ervik 1982
  • R. Poole: «Scaldic Verse and Anglo-Saxon History. Some Aspects of the Period 1009–1016», i Speculum nr. 62, 1987
  • R. Poole: «Óttarr svarti», i Ph. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An encyclopedia, New York 1993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg