Faktaboks

Ottar Kåsa
Fødd
19. desember 1983, Arabygdi i Vinje, Vestfold og Telemark
Ottar Kåsa. Fotograf: Kjell Bitustøyl, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ottar Kåsa er ein norsk hardingfelespelemann og prisbelønt felemakar fra Arabygdi i Vinje kommune. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet på Voss i 2008 med felemakar Sigvald Rørlien som læremeistar. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Hardingfelespel lærte han fyrst av Terje Hansen i Vinje kulturskule, seinare blei Aslak og Tarjei Romtveit viktige inspiratorar og lærarar, det same gjeld Per Anders Buen Garnås. Viktige lærarar har òg vore Vidar Lande og Per Åsmund Omholt.

Spelemannen

Kåsa hevda seg godt på kappleik alt i ung alder, og i 2011 vann han hardingfele klasse A på Landskappleiken i Seljord. Han fekk òg kongepokalen for denne prestasjonen. Året etter, i 2012, toppa han på ny klasse A hardingfele under Landskappleiken på Otta. Han gjentok denne bedrifta under Landskappleikane på Fagernes i 2015 og i Vågå i 2016.

Hausten 2010 hadde Kåsa ei sentral rolle saman med fiolinisten Ragnhild Hemsing og skodespelar Nils Sletta i konserten «Bull & Myllaren anno 2010» på Den Norske Opera i Oslo. I 2012 gav han ut sin fyrste CD Ottar Kåsa, ei utgjeving som både fekk Spellemannprisen i klassa for folkemusikk og Folkelarmprisen i soloklassa. I 2016 kom albumet Kjoskrullen, som han også vann Folkelarmprisen for i klassa for solospel. Han har i tillegg vunne Fanitulltevlinga i 2014, 2015 og 2018.

Felemakaren

Som felemakar har Kåsa knytt kontaktar både i Noreg og utanlands, og han har vore utstillar på internasjonale handverksmesser, blant anna i Tyskland. Han har òg vore felemakar fleire gonger om bord på «handverkscruise» på Hurtigruta. Under Landskappleiken i 2012 blei Kåsa kåra til vinnar også på felemakarutstillinga.

Kåsa etablerte seg som hardingfelemakar i Bø i Telemark i 2008, og hausten 2013 flytta han inn i eigen felemakarverkstad i Bø. Han vert rekna som ein av våre aller framste hardingfelemakarar, og felene hans er svært etterspurte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg