Oskar Schindler

Faktaboks

Født
28. april 1908
Død
9. oktober 1974
Fødested
Zwittau i Morava, Østerrike-Ungarn, i dag Svitavy i Tsjekkia
Dødssted
Hildesheim, Tyskland
Oskar Schindler etter 1945
Oskar Schindler av . Falt i det fri (Public domain)

Oskar Schindler, tysk forretningsmann. Under den andre verdskrigen redda han 1200 jødar frå å bli drept av nazistane.

Familiebakgrunn

Schindler voks opp i Svitavy (tysk Zwittau) i ein tysk, katolsk familie. Mora var sterkt religiøs, faren var ikkje like ivrig i å møte opp til gudstenesta. Schindlers far eigde ein fabrikk som produserte landbruksmaskiner. Som sekstenåring byrja han på ei lære hos faren. I 1928 gifta han seg med Emilie Pelzl.

Tidleg karriere

Farens fabrikk gjekk konkurs under krisa på 1930-talet. Schindler hadde ein variert yrkeskarriere før han vart agent for den tyske militære etterretninga, Abwehr i 1936. 18. juli 1938 vart han arrestert av tsjekkoslovakiske styresmakter sikta for spionasje. Han vart fengsla, men sett fri som ein følgje av München-forliket som vart underteikna i september 1938. Han heldt fram med spionasje til fordel for Tyskland fram til Hitlers invasjon av rest-Tsjekkia i mars 1939. Han var også involvert i etterretningsverksemd i Polen i forkant av Nazi-Tysklands invasjon i september 1939.

Schindler og jødane

I 1935 melde han seg inn i det tysknasjonalistiske partiet Sudetendeutsche Heimatfront, som seinare skifta namn til Sudetendeutsche Partei (SdP). Schindler melde seg inn i NSDAP i 1939. Motivasjonen skal ha vore ønskjet om å profitere økonomisk på partimedlemskapen.

I oktober 1939 flytta han til Krakow i Polen. Der kjøpte han emaljefabrikken Rekord Ltd. Fabrikken hadde tidlegare hatt jødiske eigarar, men var blitt belsaglagt for å seljast vidare til etniske tyskarar. Med utgangspunkt i Rekord Ltd starta han fabrikken Deutsche Emaillewaren Fabrik. Ved hjelp av sine gode kontraktar med Wehrmacht fekk han kontrakt på å produsere emaljegryter for det tyske militæret. Fabrikken brukte jødiske tvangsarbeidarar som arbeidskraft. Schindler brukte ein kombinasjon av gode kontaktar, smiger, diplomati og bestikkelsar til høgtståande personar i den tyske okkupasjonsmakta for å få gjennomslag for måla sine. Han fekk definert produksjonen i fabrikken sin som viktig for krigen, og klarte å hindre deportasjon av sine jødiske tilsette gjennom å hevde at dei spelte ei særskild viktig rolle i produksjonen.

Snart vart Schindlers fremste mål å redde jødar frå nazistanes folkemord. Spesielt etter at han var vitne til nazistanes likvidering av Krakow-ghettoen i 1943, skal den humanitære motivasjonen hans ha blitt den primære. I 1943 vart konsentrasjonsleiren Plasów oppretta like ved Krakow. Leiren var styrt av SS-mannen Amon Göth. Göth ville at jødane som jobba hos Schindler også skulle bu i Plaszów, der fangane levde under grusomme forhold og vart utsett for grov mishandling, vilkårlege drap. Fangane i Plazów vart deportert vidare til dødsleirar.

Schindler klarte å hindre at arbeidarane hans havna i Plazów gjennom å byggje ein eigen leir i tilknyting til fabrikken sin. Schindlers folk fekk mat, skikkelege buforhold og fekk også lov til å ha jødiske religøse seremoniar. Då den sovjetiske hæren nærma seg Krakow hausten 1944 fekk Schindler flytta fabrikken sin til Tsjekkoslovakia. Han tok med seg 1200 jødiske tvangsarbeidarar, som slik vart redda frå deportasjon til nazistanes dødsleirar. Fabrikken i Tsjekkoslovakia produserte ingen varar. Fram mot krigens slutt la Schindler ned ein enorm innsats for å trygge jødande i fabrikken sin. Han sørgja også for at fleire hundre andre jødiske fangar vart sendt som tvangsarbeidarar til Tsjekkoslovakia i staden for å bli deportert til nazistanes dødsleirar.

Etter krigen

Schindler brukte heile formuen han hadde tjent under krigen på å redde jødar. Då freden kom var han blakk. Han gjorde fleire nye forsøk på å lukkast i næringslivet, men klarte aldri å få fotfeste att. Han fekk fleire gongar økonomisk støtte frå jødar han sjølv hadde redda frå Holocaust. Historia om Schindlers innsats vart kjent gjennom Steven Spielbergs film Schindlers liste frå 1993. I 1963 fekk Schindler prisen Righteous among the Nations, som blir delt ut av det israelske Holocaustmuseet Yad Vashem. Prisen blir delt ut til personar som med fare for eige liv og fridom redda jødar frå Holocaust. Schindler er gravlagt i Jerusalem.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg