Oskar Jarle Grimstad

Faktaboks

Oskar Jarle Grimstad
Født
8. november 1954, Hareid, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Oskar Jarle Grimstad er dagleg leiar, disponent og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Møre og Romsdal i 2009–2017.

Bakgrunn

Oskar Jarle Grimstad er fødd på Hareid i Møre og Romsdal. Etter framhaldsskule på Hareid i 1968–1969 var han fiskar ved Grønland i 1969–1970, sjømann i utanriksflåten i 1970–1971 og sveisar ved Hjørungavåg verksted i 1972–1976. Han var dagleg leiar ved Sveiseservice i 1976–1980, dreiv sitt eige firma, Grimstad Blikkenslagerverksted, i 1980–2007 og var disponent ved Beslag & Ventilasjon i 2007–2009.

Politisk karriere

Grimstad var kommunestyremedlem i Hareid for Framstegspartiet i 1991–2007, varaordførar i 1999–2003 og medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal i 1995–2011. Han var nestleiar i Møre og Romsdal FrP i 1991–1994, leiar i 1994–1999. I perioden 1999–2008 var han medlem av sentralstyret i Framstegspartiet.

I periodane 1997–2001 og 2005–2009 var han vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal, før han blei fast representant i 2009–2017. Har er medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget i 2009–2016 og av næringskomiteen i 2016–2017. Politisk er Grimstad oppteken av fornybar energi, vasskraft og infrastrukturen i Noreg.

Andre verv

Av offentlege verv har han mellom anna vore leiar av styret for Fjord1 MRF i 2004–2008, leiar av styret for Hareid Næringsforum i 2006–2008, medlem av styret for Innovasjon Noreg, Møre og Romsdal i 2004–2007 og Helse Midt-Noreg i 2006–2010. I 1980–1985 var han leiar av styret i Hareid og Ulstein JCI (Junior Chamber International).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg