Oscar er eit mannsnamn som går tilbake til eit toledda irsk mannsnamn: Os-cara. Forleddet tyder ‘hjort’ og etterleddet ‘venn’.

Namnet har fleire variantar: Oscar, Oskar.

Kjende personar med namnet Oscar

Eit utval personar med namnet Oscar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 152 menn i Noreg som hadde Oscar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 94 gutar som fekk namnet Oscar.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Oskar og Oscar slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Oskar og Oscar hadde toppfasen sin i 1890-åra, og dette kan nok sjåast på bakgrunn av at Oskar var eit svensk-norsk kongenamn: Oskar I og Oskar II. Både Oskar og Oscar har hatt ein ny topp på 2000-talet. Sidan år 1900 har Oskar vore dobbelt så mykje brukt som Oscar.

Utvikling i bruk av namnet Oscar frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Oscar frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kisbye, Torben 1983: [Oscar, Orla, Ossian, Selma, Malvina, Minona]. Spor i dansk navneskik fra Ossiandigtningen og den svenske indvandring. [Studia anthroponymica Scandinavica 1].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg