Osafestivalen

Artikkelstart

Osafestivalen er ein folkemusikkfestival arrangert på Voss i oktobar kvart år sidan 1992, med namn etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa. Festivalen vert til i samarbeid mellom Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Orkesteret Fossegrimen og Voss Ungdomslag. Festivalen er finansiert gjennom festivalstøtte frå Norsk kulturråd, Hordaland fylke, Voss kommune, i tillegg til både faste og sporadiske sponsorar og gjennom offentlege fond, legat og organisasjonar.

Faktaboks

Også kjent som

Strykarfestivalen

Første gongen festivalen vart arrangert, var i 1992, under namnet «Strykarfestivalen». Frå 1994 fekk han sitt noverande namn, etter ein av dei mest kjende spelemennene på 1900-talet, Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–1990), som også var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet.

Festivalen tek sikte på å vere eit uttrykk for og ei vidareføring av Osa sine idear og tankar om det viktige samspelet mellom folkemusikk og klassisk musikk. Det har vorte ein yngleplass for profesjonelle musikarar og artistar som gjerne utfordrar grensene mellom komponert kunstmusikk, improvisert musikk og tradisjonsmusikk. Markante namn som har gjesta festivalen, er Arve Tellefsen, Kirsten Bråten Berg, Frikar, Knut Buen, Susanne Lundeng, Oslo kammerkor, Annbjørg Lien og Dag Arnesen. I tillegg til konsertar vert det òg halde ulike kurs og seminar gjennom festivalhelga.

Sidan 2010 har temaa for festivalen vorte presenterte i form av ordspelsom «VirtuOsa», «KuriOsa» og «SpiritOsa».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg