Orvald er eit nylaga mannsnamn (1842). Or- kan vere tatt frå til dømes Orvar, og -vald frå til dømes Torvald.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var skipstømmermann Orvald Larsen fødd 1842 i Svelvik.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Orvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg