Orkmannen

Artikkelstart

Orkmannen var ei avis som kom ut på Svorkmo i Orkdal i åra 1926–45, eit av dei mange nynorskblada Konrad Magnus Elda gav ut.

Historie

Orkmannen kom ut på Svorkmo i Orkdal i Sør-Trøndelag med det første nummeret 20. mars 1926. Avisa var lokalavis for Orkdal, Meldal og nordmørskommunen Rindal. Orkmannen kom først ut kvar laurdag, sidan anten to eller tre gonger i veka. Opplaget vart i 1928 oppgitt å vere på vel 700 eksemplar, og på veg oppover.

Avisa var partipolitisk ubunden og hadde som undertittel «Fritt ordskifte». Diktaren Hans Hyldbakk hadde fleire dikt i avisa.

Orkmannen var berre eitt av mange bladtiltak som den aktive Konrad Magnus Elda gav ut i sitt lange og aktive liv (1855–1955). Elda var gjennom heile livet ein aktiv skribent, og han gav òg ut lokalhistoriske skrifter.

Avisa kom ut meir eller mindre regelmessig gjennom krigsåra, og det nummeret som kom 11. januar 1945, vart det siste.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg