Omar

Artikkelstart

Omar er eit nylaga mannsnamn (1844) med O- frå til dømes Obert og -mar frå til dømes Hilmar. På 1900-talet har vi så fått det arabiske Omar ved innvandring. Det tyder ‘livskraftig’. Namnet Omar har dermed både norsk og arabisk opphav.

Namnet har fleire variantar: Omar, Omer, Umar.

Namnedag er 2. februar. Jomar og Jostein har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Omar

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Omar Christian Buch fødd 1844 i Larvik, busett i Farsund i 1900.

Kjende personar med namnet Omar

Eit utval personar med namnet Omar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 870 menn (fødde i Noreg) som hadde Omar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg